Vil skrive Norge på nynorsk også

Det må bli lov å skrive Norge også på nynorsk, det krev Riksmålsforbundet. Men i Språkrådet, seier dei nei.

Norgeskart

KVA SKAL DET HEITE: Bør det bli lov å skrive Norge også på nynorsk? Det meiner i alle fall Riksmålsforbundet.

Foto: Ingrid Wold / NRK

- Eg ser ingen grunn til å ta opp denne diskusjonen no, seier styreleiar i Språkrådet, Ottar Grepstad.

Kva meiner du? Skriv di meining i kommentarfeltet nedst i saka.

Folk på gata vil ha Norge

Mange er kanskje ikkje klar over det, men Norge er ikkje lov å skrive på nynorsk når ein skal snakke om landet vårt. Likevel vert det nynorske namnet – Noreg – nesten aldri brukt av Ali og Kari Nordmann.

Dette gjer at tida er overmoden for å tillate forma Norge, meiner Riksmålsforbundet. Og folk på gata i nynorskland støttar forslaget.

- Eg synst det er litt gale at vi skal ha forskjellige måtar å skrive namnet på landet vårt på nynorsk og bokmål, seier ei kvinne på gata.

Mange som vert spurde veit ikkje ein gong at det ikkje er lov å skrive Norge på nynorsk.

- Det er merkeleg, for det er jo det dei fleste pleier å seie, svarar ein mann.

Blandar seg i språkarbeidet

Viseformann Sverre Martin Gunnerud i Riksmålsforbundet viser til at det er fleire grunnar til at nynorskfolket i skrift bør kunne få velje mellom Norge og Noreg.

- Det er stor folkeleg tilslutnad om det. Det er også gjort solide undersøkingar som viser at også blant nynorskfolket er det eit fleirtal som føretrekkjer Norge som namn på den nasjonen vi alle er ein del av, seier Gunnerud til NRK.no.

Riksmålsforbundet har no blanda seg inn i det pågåande arbeidet med å forenkle nynorsk rettskriving.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Diskuter namnet på landet vårt

Språkrådet har sett ned ei nemnd som held på å lage forslag til den nye rettskrivinga.

Men Språkrådet som er staten sitt fagorgan i språkspørsmål har ikkje bede nemnda om å ta opp namnet på landet vårt.

Oppmodinga frå Gunnerud og Riksmålsforbundet til Språkrådet er klar.

- Sjå på saka ein gong til, ber Gunnerud.

- Nei, det er ikkje aktuelt no

Men det er ikkje aktuelt ifølgje Grepstad i Språkrådet.

Ottar Grepstad

SEIER NEI NO: Ottar Grepstad i Språkrådet seier det ikkje er aktuelt å diskutere landet på namnet vårt akkurat no.

Foto: Nynorsk kultursentrum

- Dette høyrer ikkje heime i arbeidet med å lage eit nytt rettskrivingssystem. Ærleg talt har ikkje namnet på landet vårt noko å seie i den samanheng. Det er heilt andre ting som har vore problemet og som vi no skal prøve å løyse, seier Grepstad.

Styret i Språkrådet skal få forslaget til ny norsk rettskriving på sitt bord 1. april. Det er på ingen måte aktuelt å be Rettskrivingsnemnda om å ta opp namnet på landet vårt som eige tema.

- Mandatet er gitt for over eitt år sidan. Det er ikkje fornuftig å byrje tukle med mandatet berre kort tid før arbeidet skal vere fullført, seier Grepstad.

Kva meiner du?

På gata i nynorsken sitt kjerneområde, Sogn og Fjordane, forstår ikkje folk i gata at det ikkje skal vere lov å skrive nettopp Norge.

- Eg trudde vi kunne skrive begge deler. For meg er Norge og Noreg like naturleg, så eg meiner det burde vore valfritt, seier ei dame.

Kva meiner du? Bør ein få lov å skrive Norge på nynorsk? Skriv di meining i kommentarfeltet under.