Hopp til innhold

Språkrådet får ikkje nynorskinnsyn

Språkrådet ønskjer å kartleggje bruken av nynorsk hjå elevar i vidaregåande skule. Men rådet får ikkje lov.

Sigfrid Tvitekkja og nynorsk ordliste

Språkrådet sin direktør Sigfrid Tvitekkja får nei frå Utdanningsdirektoratet på spørsmål om innsyn i oppgåveløysingar til eksamen.

Foto: Berit Roald / NRK / Scanpix

Cathrine Børnes i Utdanningsdirektoratet

Cathrine Børnes i Utdanningsdirektoratet.

Foto: udir.no

Språkrådet arbeider med ei ny norm for rettskriving av nynorsk, og vil difor studere bruken av målforma under eksamenar i vidaregåande skule.

Men Utdanningsdirektoratet meiner at åndsverklova og personvernet ikkje tillèt ein slik praksis.

– Ei elevoppgåve kan innehalde opplysningar som er underlagd teieplikt. Vi meiner òg at elevane har opphavsrett til eksamenssvara sine, seier Cathrine Børnes, direktør for juridisk avdeling i direktoratet.

Dette skapar reaksjonar hjå Språkrådet.

– Uforståeleg

– Vi ønskjer å sjå på enkelte ord i eit stort materiale. Dei er ikkje knytta til personar eller åndsverk som kan bli brukt i andre samanhengar. Eg forstår ikkje at det kan vere eit problem, seier fungerande språkdirektør Sigfrid Tvitekkja.

Ho seier det er viktig for dei å vete korleis unge menneske brukar nynorsk.

– Vi manglar tilfang frå ungdom sin bruk av målforma. Vi har nok av nynorske aviser og sakprosa produsert av vaksne, men ikkje noko laga av unge, seier ho.

  • Høyr saka frå Kulturnytt:

– Vil vere nyttig

Sigfrid Tvitekkja

Fungerande språkdirektør Sigfrid Tvitekkja.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Språkrådet har særleg ønskt å sjå på bruken til elevar i vidaregåande skule på Vestlandet, då det er der flest elevar nyttar nynorsk som hovudmål.

– Kvifor er det akkurat eksamenar de vil studere, Tvitekkja?

– Under ein eksamen må ein elev skrive så godt som han eller ho kan, difor vil det vere nyttig å sjå på dei, seier språkdirektøren.

Finst fleire måtar

Børnes i Utdanningsdirektoratet seier det finst andre måtar Tvitekkja og Språkrådet kan få innsyn på.

Mellom anna kan rådet søke direkte om innsyn til Kunnskapsdepartementet ved å kalle det forsking.

– Ei anna mogelegheit kan vere å kontakte skular og innhente samtykke frå elevane før eksamenane haldast. På den måten kan rådet få full tilgang til oppgåveløysingane, seier Børnes.

Kort frist

Språkrådet har frist til 15. mai med å gjere ferdig arbeidet med den nye norma for nynorsk rettskriving.

Tvitekkja meiner empiri frå ungdom sin bruk av nynorsk er heilt nødvendig for å lage ei norm som er tru mot røynda.

– Vi vil lage ein nynorsk som er enkel å bruke. Difor er det viktig å sjå på kva måte målforma blir brukt i dag. Kva er vanskeleg, kva forvirrar? Viss vi får ei systematisk innsikt i dét vil det bli enklare å lage ei god rettskriving, avsluttar Tvitekkja.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Eksamen

Språkrådet får ikkje innsyn i oppgåver frå eksamenar i vidaregåande skule. Biletet er til illustrasjon.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / Scanpix

Kulturstrøm

  • Banksy-utstilling til Oslo

    I februar kommer Banksy-utstillingen «The Mystery of Banksy – A Genius Mind» til Økern-senteret i Oslo.

    Utstillingen åpner 23. februar og vil vise fram nærmere 150 reproduksjoner av gatekunstnerens verker. Utstillingen skal ikke være godkjent av kunstneren selv, på grunn av hans anonyme status.

    – Vi er utrolig stolte for å kunne åpne dørene til denne storslagne utstillingen på Økernsenteret, sier arrangør Bjørn Heiseldal ved Thalia teater til NTB.

    1,4 millioner personer har besøkt utstillingen siden den åpnet i München våren 2021. Den har siden vært innom både Wien, Berlin, Zürich, Hamburg og Malmö.

    Den britiske kunstnerens identitet er forblitt en godt bevart hemmelighet, til tross for at hans kunststunt har vekket stor oppmerksomhet internasjonalt i en årrekke. Det er imidlertid antatt at han er en mann 45-50- alderen som er fra Bristol i England.

Flere kulturnyheter

Jon Fosse ord for ord

Fosse-fest i 40 timer

Jon Fosse byrja nobelforedraget med å fortelje om si livslange frykt for høgtlesing

– Og no nesten heilt utan redsle, las han skjelvande. Nobelforedraget til Jon Fosse rørte fleire.