Ein av tre kuttar nynorsken

Nynorsken slit i nabofylket Oppland, men på Firda vidaregåande skule er situasjonen ein heilt annan.

Firda vidaregåande skule og Trivselshagen

MANGE NYNORSKBRUKARAR: Ved Firda vidaregåande skule vel framleis dei fleste elevane nynorsk.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er ein del av meg, eg vaks opp med det og er vant med å bruke det, svarar Siri Kristiansen Byrkjedal på spørsmål om kvifor ho brukar nynorsk.

Eleven ved Firda vidaregåande skule er ikkje Åleine. Saman med stort sett alle på skulen hennar set ho stor pris på nynorsken. Og berre fem prosent av elevane her vil byte målform.

– Det er naturleg å velje nynorsk, du er annleis om du vel bokmål.

Ein av tre skiftar

Men sjølv om elevane her held på målforma, er situasjonen mykje verre i andre nynorsktrakter. Det viser ei undersøking lagt fram av Noregs Mållag på Firda vidaregåande skule tysdag. Landsnittet er at ein av tre nynorskelevar skiftar i løpet av skuletida.

– Firda vidaregåande har lite skift, medan til dømes Valdres er i randsona med høgt skifte, seier informasjonskonsulent Hege Lothe i Noregs Mållag.

– Eg skjønar det ikkje

I Valdres i Oppland bytar heile 75% av elevane på Fagernes vidaregåande skule frå nynorsk til bokmål.

– Eg skjønar det ikkje, det er eit vrient og dumt språk, seier ein elev. Også ein annan elev meiner det er enklare med bokmål enn nynorsk.

Har med geografi og busetnad å gjere

Men at så mange av desse elevanebyter overraskar ikkje Ove Eide som er norsklærarar ved Firda vidaregåande skule.

–Det speglar vel noko vi veit. Det er ulike forhold til nynorsk forskjellige stader i landet. Det har med geografi, busetnad og nærleik til urbane strøk.

Skulane vil samarbeide

No vil skulen i Sogn og Fjordane samarbeide med naboane i aust for å hindre at stadig fleire skiftar til bokmål.

– Vi skal ha eit møte ganske snart, for å drøfte eit samarbeid utfrå denne rapporten. Då tenkjer eg skuleringa av lærarar og elevar og gjerne utveksling av erfaringar.

– Tykkjer det er rart

At elevar i Valdres bytar til bokmål er uforståeleg for elevane i Sogn og Fjordane.

– Eg tykkjer det er rart, det må vere på grunn av karakterar, seier Siri Kristiansen Byrkjedal.