NRK Meny
Normal

Kunstnarane vil ha direktørstillinga hans på åremål

Kunstnarane i Sogn og Fjordane meiner kunstmuseet treng skiftande leiarar i framtida. – Eg er ikkje uprinsipielt usamd, seier museumsdirektøren.

Morten Johan Svendsen

UTSKIFTING: Avdelingsdirektør Morten Johan Svendsen er ikkje usamd i at direktørstillinga hans bør vere på åremål. Han trur likevel at løysinga på fornying er å skaffe inn kuratorar utanfrå til einskilde utstillingar.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane vil ha nytenking i Sogn og Fjordane kunstmuseum og vil ha direktørstillinga på åremål.

I dag er avdelingsdirektør Morten Johan Svendsen fast tilsett. Ei ordning talsperson for biletkunstnarane, Maria Hjelmeland, meiner hindrar fornying og nytenking.

– Ein kan jobbe med store ambisjonar og med blikk over samtidskunstfeltet, og skape ein relevant kunstinstitusjon. Men vi har ikkje tru på at det skal kunne gjennomførast med at nokon sit for evig tid og bestemme noko slikt, seier ho.

– Ingen mistillit

Maria Hjelmeland

FORNYING: Maria Hjelmeland er talsperson for biletkunstnarane i fylket.

Foto: privat

– Ein kan få unge utdanna folk med mykje personlege ambisjonar. Det er fordi vi ynskjer at Sogn og Fjordane kunstmuseum skal kunne vere ein institusjon som har tyngde og truverd i eit internasjonalt og nasjonalt nettverk av kunstmuseum, legg Hjelmeland til.

Kunstmuseet har fått nytt bygg til 90 millionar kroner i Førde , men avdelingsdirektør Morten Johan Svendsen har fått kritikk for låge besøkstal. Enkelte har også kritisert han for å ikkje sikre eit vitalt nok museum.

Hjelmeland seier ynsket frå biletkunstnarane, som nyleg har hadde årsmøte i foreininga si, ikkje er ein mistillit mot dagens direktør.

Samd direktør

– Vi har eit heilt ypparleg samarbeid med Morten Johan Svendsen. Vi har nett bygt eit nytt museumsbygg i Førde som skal vere hovudåra for kunstmusea med sine satellittar kring om i fylket, seier ho.

Direktør Svendsen seier han prinsipielt sett er samd i at den kunstnarlege leiinga burde vore på åremål.

– Det er slik det har vore tradisjonelt ved ei rekkje kunstinstitusjonar, seier han.

– Opplever du dette som kritikk mot deg?

– Nei, eg gjer ikkje det. Eg er heilt samd det. Eg trur det er veldig viktig med fornying.

– Gjer så godt eg kan

Svendsen vedgår at det er krevjande for han som museumsdirektør å fange opp ny og spennande kunst.

Sogn og Fjordane kunstmuseum

NYBYGG: Museet til 90 millionar kroner.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg gjer så godt eg kan, men likevel er det slik at ein blir litt meir konservativ når ein blir eldre. Det er litt vanskeleg å setje seg inn i alle dei nye spennande uttrykka som kjem innanfor kunsten. Då er det behov for å ta i bruk og bruke dei yngre kreftene som er meir merksame på nye trendar og kan presentere desse på ein god og rett måte, seier han.

– Kan ikkje vere på åremål

Det er omorganiseringa av musea i Sogn og Fjordane som gjer at dagens stilling ikkje er på åremål. Som avdelingsdirektør er Svendsen ein mellomleiar i stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, og slike stillingar kan ikkje vere på åremål.

Svendsen trur løysinga for fornying er å skaffe inn kuratorar utanfrå til enkelte satsingar.

– Det kan godt hende det kan vere ein måte å gjere det på utan å endre på heile organisasjonsstrukturen. For det er litt av ein jobb sidan vi er ei stifting.

Ynskjer omorganisering

Kunstnarane seier dei ynskjer ei omorganisering til eit frittståande kunstmuseum som kan stå friare til å skifte ut den kunstnarlege leiinga gjennom å tilby leiarstillingar på åremål.

– Eg føler litt at museet i Sogn og Fjordane har forhasta seg her, og hatt lita evne til å sjå eigenarten til kunstmuseet i høve til dei andre institusjonane i konsolideringa.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast