Stort engasjement for at Torsheim-hunden skal få stå i fred på hjørnet

Det er ein hund i Førde sentrum som skaper stort engasjement, nemleg hunden til Oddvar Torsheim.

Trond Ueland og Per Nikolai Solheim

STORT ENGASJEMENT: Kommunalsjef Trond Ueland seier det er opp til museet å søkje om hunden framleis skal vere på veggen. Per Nikolai Solheim (t.h.) er ein av mange som engasjerer seg for at hunden skal få stå i fred.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

La hunden være i fred. Kva er det som er så problematisk med at den er der på veggen på Kunstmuseet?

SMS til NRK

La hunden stå! Vert i godt humør når eg ser hunden. La hunden få leve.

Kari i Askvoll

Hunden kler bygget :-) Hunder gjør også at ukjente til kunstmuseet blir oppmerksom på det flotte bygget - og kanskje kikker to ganger og besøker det! Flere besøkende trengs!

SMS til NRK

Lat hunden stå, den er no den beste på utsjånad på heile huset.

Else

Den blei klistra utanpå kunstmuseet då det var Torsheim-utstilling der. Men no er den over og det store klistermerket med kunstverket kan bli fjerna. Dette opprører mange i Førde. På Facebook har over 2200 klikka på «Likar» for at hunden skal få bli der den er.

– Den bør vere der, hunden gjer jo heile bygget. Eg ser mange som stoppar opp for å sjå på den, seier ei dame NRK snakkar med.

– Eg tykkjer hunden livar opp ein elles einsformig vegg. Det vil vere trist om den forsvinn, seier ei anna.

– Alle veit kvar knutehunden er

Så stort er engasjementet at ei aksjonsgruppa har sendt brev til Sogn og Fjordane kunstmuseum og Førde kommune om at hunden skal få leve vidare på veggen. Og kommentarane strøymer på til Facebook-sida «Lat bikkja stå i fred».

– Hunden krev ingenting, korkje mat eller drikke og den bør få henge på veggen på kunstmuseet, seier Per Nikolai Solheim som er ein av dei som har skrive under på oppropet.

Solheim seier det er ingen som har vore i Førde sentrum som ikkje veit kvar knutehunden til Torsheim er.

– Men alle ikkje veit kvar kunstmuseet er. Hunden er eit viktig symbol. Alle blir glade når dei ser den prege hjørnet, seier han.

– Har blitt eit verdshjørne

Per Nikolai Solheim og Trond Ueland

LIKAR HUNDEN: Per Nikolai Solheim og Trond Ueland står ved det som Oddvar Torsheim seier har blitt eit verdshjørne.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Kommunalsjef Trond Ueland i Førde er heilt samd i det Solheim seier. Han seier Oddvar Torsheim sjølv seier dette har blitt eit verdshjørne.

– Han seier det har blitt det viktigaste verdshjørnet, det er ganske morosamt sagt. Vi tykkjer det er kjekt og festleg med denne hunden, seier han.

Då Oddvar Torsheim blei 75 år i november, gav kommunen kunstnaren ei jubileumsutstilling i gåve. Kunstmuseet søkte om å sette opp hunden på fasaden i samband med utstillinga.

– Dette høyrer til under det som heiter skiltvedtekter og vi i kommunen sa ja. Vi tykte det var ei god løysing. Skal museet ha den oppe lenger, må dei søkje på nytt. Eg trur kanskje vi vil vere positive om vi får ein søknad.

Har blitt ein utstillingsplass

Per Nikolai Solheim håper alle tek til fornuft når dei ser kor stort engasjementet er.

– La hunden få leve. Det går mot vår og sommar, la bikkja få oppleve russetida og turistane til sommaren og alle dei fire årstidene, seier han engasjert.

Kommunalsjefen seier det vitnar om stort engasjement at over 2000 har meldt seg inn i Facebook-gruppa for at hunden skal få bli på veggen.

– Det har blitt ein utstillingsplass og hjørnet har blitt lagt merke til. Men ser eg det frå museet si side, så har dei nok oppdaga ein ny plass å vise fram utstillingar og dei skiftar jo heile tida. Det vil vere rimeleg at når dei kjem med ny utstilling at dei kanskje kjem med noko nytt, seier Ueland.

– Håper folk vil vise engasjement for det som er inne også

Morten Johan Svendsen

HAR FÅTT BREV: Museumsdirektør Morten Johan Svendsen seier dei skal svare på brevet dei har fått frå aksjonsgruppa.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

Museumsdirektør Morten Johan Svendsen seier det er vanleg på museum i heile verda å pynte fasaden med det som angår innhald og program.

– Det er veldig hyggeleg at folk har sett pris på denne dekorasjonen. Eg er glad vi har lukkast med det. Men det er viktig å få fram at dette ikkje er ein original Torsheim-teikning. Det er ikkje eit kunstverk, men ein gimmick til utstillinga.

Han seier dei har fått brevet frå aksjonsgruppa og at dei skal svare på det.

– Eg håper folk i framtida vil engasjere seg like sterkt for det som er inni museet som det som er utanpå, seier han.