NRK Meny
Normal

Vil prøve kommunesamanslåing på kysten ein gong til

Fylkesleiar i Høgre Vidar Grønnevik ville helst hatt ein storkommune langs heile kysten av fylket. No vil ha nytte den utvida fristen som regjeringa kom med på fredag til å gjere eit nytt forsøk på å få det til.

Vidar Grønnevik

STRÅLANDE FORNØGD: Vidar Grønnevik likte godt nyheita om at fristen for kommunesamanslåing vert utvida

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Sunnfjordingar skal alltid ete fyrst veit du, dei treng tid på seg til å ta gode avgjersler. No har vi fått nokre ekstra månadar av regjeringa, og dei må vi bruke, seier Grønnevik.

Alt tydar på at det i denne omgang ikkje vert noko kommunesamanslåing langs kysten av fylket. Kystkommunane har ikkje vorte samde seg i mellom, og alternativet har gardvis falle frå kvarandre.

På fredag gjekk eigentleg fristen for å vedta kommunesamanslåing ut, om ein ville ta del i dei økonomiske gulrøtene som regjeringa legg opp til. Same dag som fristen gjekk ut kom Jan Tore Sanner på bana og sa at fristen plutseleg var utvida heilt fram til nyåret.

Bølgjer i Bremanger

VIL SAMLE KYSTEN: Vidar Grønnevik meiner at det er på kysten verdiane i fylket ligg, og han vil samle kystkommunane ifrå nordfjord til sokn

Foto: Svenn Petter Kjerpeset

Strålande fornøgd

Mange vart irriterte på heilomvendinga til Sanner, mellom anna høgremann og Gaular-ordførar Mathias Råheim. Fylkesleiaren og partifellen hans i Florø vart derimot stråland fornøgd.

– Kystalternativet er så godt, og er ønska ifrå så mange hald i næringslivet, at dette må vi halde fram å jobbe med no som vi har fått betre tid på oss, seier Grønnevik.

– Men ingenting har jo forandra seg, kommunane på kysten har framleis ikkje vedtak om å gå vidare med ein kystkommune?

– Nei, men no må vi jobbe vidare med det, og så vil kanskje fleire kommunar sjå kor viktig det er for kysten å samarbeide. Då vil dei kanskje opne opp for nye samtalar.

Grønnevik meiner at det er langs kysten at dei største verdiane i fylket ligg, og han trur dette vil vise att om kystkommunane slår seg i hop og samarbeider.

Refvik i Vågsøy

VIL HA MED VÅGSØY: Grønnevik er klar på at Vågsøy lyt med om det skal bli eit skikkeleg kystalternativ. Her ifrå Refvik i Vågsøy.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Dette forandrar ingenting

Ordførar i Bremanger Audun Åge Røys, også han frå Høgre, har ikkje trua på at det kjem til å skje.

Audun Åge Røys, ordførar i Bremanger

TVILAR: Audun Åge Røys tvilar på det vert noko kystkommune med det første.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg er samd i at heile samanslåingsprosessen gjekk litt for fort, men det var jo likevel ikkje tida vi hadde på oss som var det mest vesentlege. Det at fristen no er utvida litt forandrar ingenting, det er ikkje dei månadane til eller frå som gjorde at kystalternativet fall saman, seier Røys.

Han trur at om det skal bli noko storkommune på kysten, lyt den ideen modnast i nokre år fyrst.

– Det har vore litt hastverksarbeid det her, det tek nok lengre tid enn fram til nyttår å få til ein stor kommunesamanslåing på kysten.

– Det må meir til enn dette

Heller ikkje i Vågsøy trur ein at den utvida fristen vil føre til at ein storkommune på kysten kjem på bordet att.

Senterpartiet sin ordførkandidat Nils Myklebust

HAR IKKJE TRUA: Nils Myklebust har ikkje trua på at det blir kystkommune med det første.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Bremanger er jo ikkje interessert i noko kystkommune. Dessutan vil dei ikkje med Selje i flora, og i Selje er dei ikkje interesserte i å gå i lag berre med Vågsøy. Det er rett og slett ikkje noko som tyder på at ein kystkommune er realistisk med det første. Det seier varaordførar i Vågsøy Nils Myklebust (Sp).

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.