– Det er eit stort spørsmålsteikn om det er rett at oteren er totalfreda i Norge. Vi ønsker å jakte på oteren, seier Eiliv Erdal, leiar i Nausta elveeigarlag.
Det var i midten av august fiskarane kunne nytte håven til å ta opp den svært svekka holaksen på 83 centimeter. Etter bileta av den skadde laksen vart publisert på Redd Villaksen sine facebook-sider 18. august, har innlegget fått heile 85 kommentarar. Der antok mange at lakselus var årsaka til skadane.
Men no har rapporten frå Akvavet kome, og den syner at det er "overvegande" sannsynleg at eit rovdyr hadde skadd fisken, og nemner oter som eksempel.
- LES OGSÅ: Knerta gigantisk laksetjuv
- LES OGSÅ: No skal oteren teljast
– Meiningslaust at oteren er totalfreda
Det var lov til å jakte oter fram til 1970-talet i Norge. Men arten vart freda på Austlandet og Agder i 1972 og på Vestlandet i 1979. I 1982 vart oteren totalfreda, gjennom Bernkonvensjonen.
– Det er på bakgrunn av tala for bestanden i heile Europa. Eg tykkjer det er på høg tid at ein revurderer om det er rett at oter er totalfreda, seier Erdal.
For han meiner at oteren slett ikkje er truga hjå dei, og seier han har fått mange telefonar denne sumaren, både av sportsfiskarar og grunneigarar som har sett og opplevd oter på nært hald.
– Det har vore i heile vassdraget, heilt frå munninga her nede i Naustdal og opp til Kallandsfossen. Det er meiningslaust å totalfrede ein art vi har så mykje av. Oteren i Naustdal vil uansett ikkje befolke vassdrag i Belgia og Nederland der oteren er truga, seier Erdal.
- SJÅ: Oter på byvandring i Førde
- LES OGSÅ: Vil ha fellingsløyve for oter
(Artikkelen held fram under biletet)
Effektiv jeger
Denne sumaren har det vore spesielt gode høve for oteren til å jakte i Nausta, fortel Erdal.
– I sumar hadde vi svært lita vassføring og veldig høg temperatur med opp til 24 grader i vatnet. Då er laksen svak, og oteren er ein effektiv jeger når laksen står i hølane.
– Er det eit stort problem for dykk?
– Vi har ikkje noko mål på det, men dei rapportane eg har fått tyder absolutt på det. Det er veldig mange fiskarar og grunneigarar som ser oter heile året rundt her i vassdraget.
Han meiner det er rikeleg med oter på kysten, og at det burde vurderast om ein kunne få ta ut ein del oter langs lakseelvene. Men han etterlyser undersøkingar og ein faktabasert debatt.
– Vi mister truverdet om vi driv med synsing. Eg vil oppmode myndigheitene om å sjå på dette og sjå Norge som eit land for seg sjølv, som det berømte «annleislandet», seier Erdal.
Lakselus hadde vore katastrofe
Samstundes som han meiner oteren kan vere eit problem, var det også ein god beskjed i rapporten: Det var etter all sannsynlegheit ikkje lakselus.
– Det er eg veldig glad for. Dersom dette hadde vore lakselus, dersom lakselus hadde svekka ein fisk i Nausta så mykje at han døyr, ville det vore ei katastrofe. Då kunne vi fått ei formidabel krise, seier Erdal.
I rapporten står det at «holaksen hadde fleire område på kroppen med sår...Utifrå utsjånad på skadene og bakteriologi, er det overvegande sannsynleg at skadane skuldast ein predator (td oter). Desse skadane er ikkje foreinleg med skader vi ser etter lakselusinfeksjon».