Hopp til innhold

Sjå, ein oter på bytur

Medan dei fleste journalistane var fullt opptekne med E39-avgjerda i fylkestinget, kom ein liten, nysgjerrig kar på snarvisitt utanfor NRK-bygget.

Video Oter

Oter

– Det var ein kollega av meg, Stein Aase, som fyrst såg oteren. Han kom spaserande langs nabohuset her, fortel NRK-journalist Birger Meland.

No er ikkje oter i seg sjølv eit veldig sjeldant syn i Sogn og Fjordane, men det er likevel ikkje ofte han er å sjå midt inni sentrum, eit godt stykke frå vatn.

– Det var nokre artige sekund medan vi såg han tusla bortover for å krysse Storehagen, seier Meland.

Kanskje han hadde vore på Domus?

Men oteren var tydelegvis ikkje heilt på kjend grunn, for han gjekk rett i eit gjerde, før han klarte å områ seg og finne vegen til Jølstra.

– Vi tulla med at han sikkert har vore på Domus, om ikkje for å handle, så kanskje for å finne seg eitt eller anna godt i ein container, seier Meland, som lurer på om det kanskje er dårleg med mat for stakkaren i Jølstra.

Er ein ivrig fiskar

Akkurat det er ikkje viltforvaltar hjå Fylkesmannen, Hermund Mjelstad, heilt sikker på.

– Oter er eit ganske vanleg syn i Førde, og mange av dei som driv fiske av laks og aure tykkjer nok dyret er ei plage, seier Mjelstad.

Han er derimot litt usikker på om oteren har vore på søppeljakt i sentrum.

– Oteren er i utgangspunktet ikkje slik at han går i boset for å finne mat. Han likar best fersk fisk, seier Mjelstad.

Han skjønnar godt at folk tykkjer det er ein artig kar å ha på besøk.

Blir lett tam

– Oteren er ein livleg kar. Ofte vert han lett tam, og han er sjeldan veldig redd for folk, seier Mjelstad.

Og berre så det er sagt, oteren har vore totalfreda sidan 1982. Så sjølv om ein let seg irritere av fisketjuven, så må ein ikkje ty til våpenbruk.

– Nei, oteren er freda. Det har han vore lenge. Dei seier at bestanden har stabilisert seg. Men mange oterar mistar livet i fiskereiskapar av ymse slag, medan dei jaktar mat, seier Mjelstad.

Oteren er eit rovpattedyr i mårfamilien. Stort sett er han aktiv på nattestid, men får han vere i fred, tek han gjerne ein tur på dagtid også.