NRK Meny
Normal

Naudnett i berre halve fylket - det uroar basesjef for luftambulansen

Eit naudnett som berre dekkjer halve Sogn og Fjordane kan få store konsekvensar for luftambulansen. Basesjefen i Førde seier dårleg dekning vil gjere at dei langt oftare enn i dag vil bli utan kontakt med AMK.

Kjell Naustdal

UROA: Kjell Naustdal som er basesjef for Norsk Luftambulanse i Førde likar dårleg at naudnettet i framtida berre kan kome til å dekkje vel halvparten av Sogn og Fjordane.

Foto: Åge Andre Breivik

Det nye naudnettet skulle ifølgje den første kontrakten dekke 80 prosent av landet. Men ei ny hemmeleg kontrakt som NRK har fått tilgang til viser i staden at leverandøren Motorola berre forpliktar seg til å dekkje om lag 70 prosent av Norge.

I Sogn og Fjordane vil dekningsgraden til naudnettet bli redusert frå 86 prosent til 57 prosent.

– Dette vil mellom anna få konsekvensar for arbeidet til Luftambulansen, seier basesjef i Førde, Kjell Naustdal.

Han viser til at dei i område utan dekning vil få store vanskar med å kommunisere med AMK og at dei heller ikkje får nytte seg av utstyr som viser kor helikopteret er til ei kvar tid.

Skaka over nedjustering av dekningskrav

Denne veka vart det klart at det fins to kontraktar om utbygging av det nye naudnettet. Den første frå 2007 sa at dekninga i Sogn og Fjordane skulle vere 86 prosent. Den nye som var signert i år seier at dekninga blir 57 prosent i fjordfylket.

Også dekningsgraden totalt i Norge er mindre i den nye hemmelege kontrakten.

Ordføraren i Stryn er blant dei som er skaka over det som kjem fram.

– Viss dette stemmer, er dette ganske alvorleg, sa Flo til NRK.no tysdag.

Flo meiner dette er eit langt tilbakesteg i forhold til det som har blitt førespegla tidlegare og er svært uroa. Stryneordføraren seier tiltrua han har til sentrale styresmakter no er byrja bli ganske tynnsliten.

– Det er ei skremmande utvikling i forhold til det vi har fått høyre i fleire år no, at vi byggjer opp eit naudnett som skal vere optimalisert og som skal vere framtida i forhold til kommunikasjon knytt til ulike hendingar og beredskap, seier Flo.

(Artikkelen held fram under videoen)

En ny hemmelig kontrakt med leverandøren for nødnettet slår fast at nettet skal dekke langt mindre av Norge enn det Stortinget bestilte. Opposisjonen mener Stortinget er ført bak lyset.

Får ikkje kontakt med AMK

Kjell Naustdal som er basesjef for Norsk Luftambulanse i Førde delar uroa over det som kjem fram. Han seier naudnettet er viktig for det luftambulansen driv med.

– Helseradionettet, som er det vi brukar i dag, brukar vi både til pasientinformasjon og såkalla Flight Following, seier han.

I forhold til pasientane gjer naudnettet til at luftambulansen kan ha tett kontakt med AMK om oppdraget.

– Både i forhold til behandling av pasientar og destinasjonar, forklarar Naustdal.

Eit anna viktig verkty som er avhengig av naudnettet er såkalla Flight Following. Dette er eit verkty som fortel kor helikopteret er til ei kvar tid.

– Det vil seie vår sikring på kor vi flyr, kor tid vi skal vere framme og liknande. Dersom eit helikopter blir borte veit AMK kor vi er og kan iverksetje tiltak, seier Naustdal.

Vil likevel ikkje avlyse oppdrag

Nettopp difor er dekningsgraden til naudnettet avgjerande for kor godt luftambulansen kan utføre sine oppdrag. Naustdal vil no ha meir informasjon frå utbyggjarar og styresmakter.

– Dersom dekningsgraden blir vesentleg mindre enn den er i dag, vil det bli mindre kvalitet på den kommunikasjonen vi kan ha med AMK og Flight Following, seier Naustdal.

Uansett trur han ikkje det blir aktuelt å seie nei til oppdrag, sjølv om luftambulansen i framtida kan måtte operere i eit fylke som manglar dekning i store område.

– Det vil ikkje skje. Men det å utførde oppdrag i område utan kommunikasjon gjer operasjonen vanskelegare, i iallfall i forhold til kommunikasjon med omverda.

Vegopning på Bergum i Førde kommune