Hopp til innhold

Vegvesenet vil inn på naudnettet

Store mannskap måtte ut for å rydde vegane under uvêret i romjula. Men utan kommunikasjon vart situasjonen svært krevjande for Vegvesenet. I framtida håpar dei å kunne nytte seg av naudnettet som no er under utbygging.

Nils Magne Slinde

NAUDNETT: Nils Magne Slinde i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane krev at kommunikasjonssituasjonen blir betra.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

På det verste var nesten alle vegane i Sogn og Fjordane stengde på grunn av uvêret. Hundrevis av tre la seg over vegane, grunnen på vegane sklei ut, ras kom dundrande, og situasjonen var i det heile teke heller uoversiktleg i periodar.

Det som gjorde situasjonen endå verre var at både mobil- og fasttelefonnettet låg nede i store område. Fredag føremiddag kom avdelingsdirektør i Statens vegvesen i fylket med si orientering under evalueringsmøtet etter uvêret.

Nettopp den kritiske kommunikasjonssituasjonen var eit sentralt tema.

– Ei av hovudutfordringane våre desse dagane var manglande kommunikasjon og kontakt med våre entreprenørar. Her må vi sjå på alternative løysingar, dersom ikkje mobiltelefonnettet kjem opp med ein høgare stabilitet enn det vi har opplevd fleire gonger i det siste, seier Slinde til NRK.no.

Fleire titals vegar vart stengde

Sjølv om det var varsla, tok uvêret som slo inn over fylket 1. juledag mange på senga. Stormen gjorde store skadAr, også på vegnettet. Eit titals vegar vart i løpet av ettermiddagen, kvelden og natta stengde på grunn av mellom anna trenedfall.

Andre juledag kom det eit nytt uvêr. Då var det i hovudsak nedbøren som gjorde skadAr. Vegane som var stengde etter stormen 1. juledag, vart opna utpå ettermiddagen 2. juledag. Men då vart igjen eit titals vegar stengde.

Det gjekk fleire ras, og nokre stader gjekk det ras med tette mellomrom og isolerte folk. I Lånefjorden vart ein buss med seks personar innesperra, og passasjerane måtte til slutt evakuerast med båt.

– Det vart veldig mange vegstengingar desse to dagane. Men samtidig skal det vere sagt at vi er vande med mykje vegstengingar i dette fylket. For dei som vart råka var sjølvsagt situasjonen alvorleg, seier Slinde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stengde vegar under uvêret i romjula

MANGE: Svært mange vegar vart stengde i løpet av romjula. Dei blå trekantane var vegar som var stengde av flaum, dei raude var vegar som var stengde etter uvêret 'Dagmar'.

Foto: Statens vegvesen

– Det vart særs viktig at vegane var opne

Det som gjorde situasjonen med dei stengde vegane hakket meir kritisk var at det over heile fylket sat tusenvis utan straum og telekommunikasjon. Vegane vart difor ekstra viktige, både for kommunane og naudetatane.

– Det var ekstra viktig for folk at vegane var opne. Dei måtte fysisk reise rundt for å kome i kontakt med folk, få frakta rundt til dømes aggregat, og ikkje minst skulle helse og andre naudetatar ut til folk, seier Slinde.

Hadde ikkje kontakt med folk som rydda vegane

Også det å organisere og koordinere oppryddinga langs vegane vart vanskeleg. Kommunikasjonen med dei vel 200 personane som har vore i sving for å rydde vegane var i all hovudsak fråverande, fortel Slinde.

– Vi hadde ikkje kontakt med dei aller fleste av entreprenørane våre. Men dei skal ha skryt for å ha gjort ein fantastisk innsats, seier Slinde og forklarar:

– I kontraktane står det kva dei skal gjere når ulike hendingar skjer, og begge dagane viste det seg at entreprenørane allereie hadde gjort det dei skulle då vi fekk kontakt med dei, seier Slinde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras sperrar fylkesveg 92 Arnafjorden i Vik

RAS: Dette raset tok med seg store delar av fylkesveg 92 og stengde vegen inn til Arnafjorden i Vik.

Foto: Grunde Engan

Måtte køyre rundt sjølv

På lik linje med kommuneleiingar rundt om kring, måtte også Vegvesenet fysisk køyre rundt for å innhente og få gitt informasjon. Dei visste til dømes at det hadde gått ras fleire stader, men ikkje noko om korleis det gjekk med oppryddinga.

Folk i bil måtte difor køyre rundt frå arbeidslag til arbeidslag for å finne ut kva som vart gjort og kva vegar som eigentleg var opne. Dette var viktig informasjon vi ville ha ut til publikum, forklarar Slinde.

– Ein del av arbeidslaga kommuniserte også seg i mellom og med lokal leiing gjennom jaktradioar, men sett under eitt var situasjonen langt ifrå tilfredsstillande, seier Slinde.

Krev betre kommunikasjon

Også under flaumen på Austlandet sist sommar var det i periodar store problem med kommunikasjonen. Etter nok ei alvorleg hending krev Vegvesenet at det blir gjort noko med kommunikasjonssituasjonen.

– Vi vil trykke på for å få ein kommunikasjon som fungerer, også når straumen er vekke, seier Slinde.

Han fortel at Vegvesenet tilbake på 1970 og 1980 talet hadde eit eige kommunikasjonsnett for sine entreprenørar. Dette finst framleis i høgfjellet.

Eit slikt nett vil vere svært kostbart å byggje ut i låglandet, men Slinde seier dette er noko som kan bli vurdert. Han vil ikkje leve med den situasjonen dei er i no.

– Det vi uansett meiner hadde vore det beste er om vi fekk ein kanal på det nye naudnettet som er under utbygging og som politiet skal fase inn i drift frå 2013, seier Slinde.

Avdelingsdirektøren seier at dersom Vegvesenet får bruke dette nettet vil dei kunne bidra til å spleise på sendarar og drift.

– Det blir litt dumt dersom vi må bruke store ressursar på å byggje ut eit eige kommunikasjonsnett. Vi jobbar no mot sentrale styresmakter for å få til ei koordinert utbygging av eit naudnett som også Vegvesenet kan vere ein del av.

"Dagmar" sine herjingar i Indre Nordfjord

TRE: Over alt hadde tre ramla ned over vegane. Mange stader var vegane heilt stengde.

Foto: NRK/Torje Bjellaas