Hopp til innhold

Desember 2011: nekta å betale bota Mai 2012: betaler 100 000 kroner

Like før jul fekk det litauiske transportselskapet to bøter på 100 000 kroner kvar for ulovleg transport i Norge. Selskapet nekta å betale, men no, fem månader seinare, har dei ombestemt seg. Samtidig førebur politiet den første rettssaka av sitt slag.

Vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken ved E16 i Lærdal

VART STOGGA HER: Det var kontrollørar ved Statens vegvesen sin stasjon på Håbakken like ved E16 i Lærdal som stogga bilen. No har firmaet bestemt seg for å betale bota på 100 000 kroner likevel.

Foto: Statens vegvesen

Den 20. desember i fjor stogga Statens vegvesen to lastebilar frå firmaet Girteka, den eine i Voss og den andre i Lærdal. Vegvesenet politimelde begge for ulovleg transport i Norge og politiet svarte med å skrive ut to bøter og kravde at selskapet betalte til saman 200 000 kroner.

Den gong nekta selskapet, og hevda at dei ikkje hadde gjort noko gale. Men no har saka snudd. Bota på 100 000,- som vart skrive ut i Lærdal er no vedteke og betalt.

– Firmaet sin advokat tok kontakt med politiet for eit par veker sidan, og sist veke vedtok dei bota. Summen er betalt, førelegget vedteke og no er saka avslutta, seier politiadvokat Line Skjengen ved Hordaland politidistrikt.

Den andre bota som vart skrive ut til bilen som vart stogga i Voss, er førebels ikkje vedteke.

Politiet tok tak i problema

Utanlandske transportørar må rette seg etter strenge reglar når dei skal drive transport innanlands i Norge. Dei såkalla kabotasjereglane seier noko om kva som er lov og ikkje.

Eit utanlandsk vogntog som køyrer inn i Norge med internasjonal transport, kan etter dette køyre maksimalt tre turar i løpet av ei veke innanfor Norges grenser. Så må bilen ut av landet. Reglane stiller også krav til at transportane innanlands skal vere av tilfeldig karakter.

Dei to bilane som Vegvesenet stogga i Lærdal og på Voss før jul hadde ikkje følgd desse reglane, meinte Vegvesenet som sendte sakene vidare til politiet.

Tidlegare har mange slike saker blitt lagde vekk, men det skjedde ikkje denne gongen. I staden skreiv politiet ut saftige bøter og lova at dei skulle ta tak i problemstillinga.

– Kvar av desse ulovlege transportane går ut over norske selskap. Dei utanlandske selskapa har lågare lønningar, dei betaler heller ikkje vegavgift eller bompengar, sa Skjengen til NRK.no den gong.

– Dei kan dermed tilby langt billegare transport enn det norske selskap kan. Vi er nøydde til å sjå nærare på dette for å finne ut kor stort omfanget er.

Nekta betale

NRK var også i kontakt med det litauiske transportselskapet etter bøtlegginga. Dei nekta for å ha gjort noko gale og meinte det som hadde skjedd var ei misforståing.

Redijus Anikanovas, som er sjef for den Skandinaviske avdelinga i Girteka skreiv i ein e-post til NRK at selskapet har god kjennskap til dei såkalla kabotasjereglane. Han presiserte at selskapet alltid køyrer lovleg og held seg til reglane i alle dei europeiske landa.

Rettssak til hausten

Bota som vart skrive ut for transporten som vart stogga i Lærdal, er no vedteken av eit dotterselskap i Girteka. Selskapet har framleis ikkje vedteke bota for bilen som vart stogga i Voss og politiet jobbar no med å utarbeide ein tiltale. Saka hamnar dermed i rettssystemet, seier Line Skjengen.

– Vi jobbar no med å få avklart om det var morselskapet Girteka, eller dotterselskapet som gjorde transporten. Dette er litt uklart no.

– Når vi får avklart kven som gjennomførte oppdraga blir det teke ut tiltale og vi håpar at saka kjem opp for retten til hausten, fortel politiadvokaten.

Første av sitt slag

Denne rettssaka vil bli den første av sitt slag i Norge. Norges Lastebileigarforbund har ved fleire høve kravd at Vegvesenet og politiet slår hardare ned på ulovleg innanlandstransport utført av utanlandske aktørar.

Skjengen seier det at denne typen sak no hamnar for retten vil gjere etterforskinga av slike saker enklare i framtida.

– Det er greitt å få ei avklaring, både for etterforskarar og påtalemakta, om korleis vi skal gå fram i slike saker.

– Det at vi får ein første dom vil gjere det enklare for oss å etterforske slike saker i tida som kjem, seier Skjengen.

Også dei siste månadene har det litauiske firmaet vore i politiet sitt søkjelys. Skjengen seier dei mellom anna har fått oversendt ei sak frå Møre og Romsdal og ser ikkje vekk frå at det kan bli utarbeidd fleire tilleggstiltaler i den saka dei allereie jobbar med.