NRK Meny
Normal

Vil leggje ned føden uansett

Sjølv om det skulle kome meir pengar frå staten vil styret i Helse Førde uansett leggje fødetilboda på Nordfjordeid og i Lærdal.

Vidar Vie og Clara Øberg

Konstituert administerande direktør i Helse Førde, Vidar Vie, og styreleiar Clara Øberg.

Foto: Bård Siem / NRK

Lærdal Sjukehus

Lærdal mister fødestova si.

Foto: NRK
Nordfjord sjukehus

Heller ikkje ved Nordfjord sjukehus skal det vere fødslar.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Vedtaket er eit innspel i høyringsrunden til ein plan for svangerskap, fødsles- og barselsomsorg for heile Vestlandet.

Helse Førde har tidlegare gått inn for nedlegging av fødeavdelinga på Nordfjordeid og fødestova i Lærdal dersom dei ikkje fekk tilført meir midlar frå staten.

– Ikkje fagleg tilrådeleg

Denne gongen går dei eit steg lenger, og seier det i høve framtidige krav ikkje er fagleg tilrådeleg å ha fødetilbod i Lærdal og på Nordfjordeid. Økonomi blir denne gongen ikkje kopla opp mot vedtaket.

Det einaste fødetilbodet i Sogn og Fjordane blir dermed ved Førde sentralsjukehus.

Samrøystes vedtak

Styrevedtaket var samrøysta og det var sterkt støtte til faggruppa sitt arbeid om at fødetilboda i Lærdal og i Eid skal leggjast ned.

Også dei to Senterpartipolitikarane i styret, nestleiar Jorunn Ringstad og Anni Felde, stilte seg fullt og heilt bak tilrådinga.

Styremedlem Knut Cotta Schønberg la vekt på at dagens ordning der gyneologane går lange vakter ved lokalsjukehusa, ikkje kan halde fram lenger

– Kvifor skal spesialistane jobbe veke etter veke i strekk, det er uhøyrt, sa han.

Samarbeid med andre

Helge Bryne

Helge Bryne meiner nedlegginga fangar opp den moderne medisinen.

Foto: Bård Siem / NRK

Helge Bryne som er Helse Vest sin representant i Helse Førde-styret, meiner nedlegging av fødetilboda fangar opp den moderne medisinen og dei enklare reisemoglegheiten vi har i dag.

Vedtaket inneber også at det skal starta eit samarbeid om fødetilbodet med Helse Sunnmøre og Helse Bergen

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå