Hopp til innhold

Vil kome ut av «skalla-skapet» med stil

SANDANE (NRK): Med musikkvideoen «Skalla» vil brørne Iver (24) og Erlend Eide (28) frå Sandane fylle det musikalske tomrommet du kanskje ikkje visste var der: Songar om hårtap.

STOLT OG SKALLA: «Skalla» er brørne Erlend og Iver Eide sitt bidrag til årets sommarlåt. Denne versjonen er klipt ned av opphavsrettslege grunnar, full versjon er lenka til lenger nede i saka.

– Ideen kom etter å ha innsett over fleire år at vi før eller seinare kjem til å miste håret. I halve slektstreet er alle mennene skalla. Så vi har elendige genar på dette, seier Iver.

Broren Erlend seier videoen er deira måte å ufarleggjere temaet på.

– Vi opplever det som det siste tabu for menn i 20-åra. For mange kan det vere eit slag under beltestaden å miste håret, så eg føler vi tek lokket av dette, seier han

Saman har dei som «Bald Bros» laga musikkvideoen «Skalla». Musikken er inspirert av Dandy Warhols-låten «Bohemian Like You»– erfaringane er deira eigne.

– Det er litt irriterande å sjå at broren vår på 30 år ikkje har antydning til hårtap. Vi ville kome ut av skalla-skapet med stil. Då fann vi ikkje nokon betre måte å gjere det på enn med film og musikk, seier Iver.

Mykje jobb

Videoen er spelt inn i sommar, på forskjellige stader på Sandane.

– Det ligg veldig mykje jobb bak. Sett opp imot responsen vi har fått, lønner det seg ikkje, fleiper Iver.

Songar om hårtap er nok ein nisjemarknad med plass for fleire.

– Vi fann nok ein ledig marknad der, stadfestar Iver.

Skalla er ikkje den første videoen til dei kreative brørne. Det begynte med «Måkejakt» og «Skating er feitt» i 2016. I tillegg la Erlend ut ein video åleine då favorittklubben Leicester City vart seriemeistrar i England det same året.

– Vi går først og fremst ut frå at vi skal lage noko morosamt. Vi pleier å samanlikne oss med Ylvis-brørne, men som ein mindre talentfull og skalla versjon av dei, seier Erlend.

Nye tema

Konseptet til brørne er at både tema, sjanger og artistnamn skal vere nytt for kvar låt.

– Vi har laga rock, punk, metal, og black metal faktisk, den heiter «Tåa mi». Så har vi ein danseband-song som heiter «Svenskehandel», fortel Iver.

Han har ansvar for musikken, Erlend lagar videoane. Dei blir til når dei har tid, ofte i feriar. Musikkvideoane er hobby. Iver har studert marknadsføring, mens Erland jobbar i Nav.

– Vi har ingen ambisjonar. Vi har berre som mål å ha det kjekt, og det har vi, seier Iver.

Fleire videoar blir det nok, enno har ikkje brørne dekt disko-, country- og gangsterrap-sjangeren. Før den tid er deira bidrag til årets sommar-hit å finne på Youtube.

– Vi synest at viss du mister håret, så skal du miste det. Mottoet vårt er skalla og stolt, seier Iver.