Hopp til innhold

Vil innlemme Stryn i Møre og Romsdal

Stryn må bli ein del av Møre og Romsdal fylke, meiner Høgre-ordførar Sven Flo i Stryn. Han hadde helst sett at Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland gjekk saman, men dette verkar politisk umogleg.

Sven Flo

Ordførar i Stryn, Sven Flo (H) meiner det er naturleg at Stryn ser nordover dersom ikkje Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland blir slått saman.

Foto: Trond Vestre / NRK

Flo sin kongstanke om Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland som eige fylke kjem etter alt å døme til å havarere. Leiaren i kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (Frp), stadfestar langt på veg dette gjennom at han i dag signaliserer at det er fleirtal på Stortinget for at Møre og Romsdal får halde fram som eige fylke.

Flo vil på si side kjempe vidare for førstevalet sitt, men er klar på at Stryn må gå nordover dersom han taper kampen.

– Det er fordi vi historisk har eit veldig naturleg samarbeid nordover. Vi har ein felles næringsstruktur og ein infrastruktur som er ein fordel for oss, seier han.

Men vil ikkje Stryn bli oppfatta som at de dolkar Sogn og Fjordane i ryggen?

– Nei, det er heilt feil. Vi har heile tida vore klare på at vi ønskjer oss Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland i same region. Dersom ikkje det går, må Stryn går nordover, seier han.

Nei, vi dolkar ikkje Sogn og Fjordane i ryggen.

Sven Flo

Overraska Følling

Dersom Flo får fleirtal i sitt eige kommunestyre for å innlemme Stryn i Møre og Romsdal, vil dagens Sogn og Fjordane tape om lag 6,5 prosent av folketalet og 7,5 prosent av arealet. Fylkesordførar Jenny Følling har ingen sans for signala frå Flo.

Jenny Følling

Fylkesordførar Jenny Følling er oppgitt over ordføraren i Stryn som meiner Stryn bør innlemmast i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg er overraska fordi eg kan ikkje sjå at det har kome til nye moment i saka. Eg er usikker på kor gjennomtenkt utspelet er.

Men Stryn har vore klar på at dei ønskjer at også Møre og Romsdal skal vere med i ein ny storregion. No verkar det umogleg. Er det ikkje slik sett ein ny situasjon for Stryn?

– Fylkestinget har også vore klar på at vi ønskjer å ha med oss Møre og Romsdal, men Møre og Romsdal har heile tida sagt nei. Her er det ingenting nytt.

Eg lurer på kor gjennomtenkt utspelet frå Sven Flo er?

Jenny Følling

– Ettertrakta

Flo er smigra over dei som ønskjer å ha med seg Stryn.

– Stryn sitt privilegium er at vi tydelegvis er ettertrakta. Heldigvis er det Stryn sjølv som skal avgjere dette, ikkje alle andre rundt oss, seier han. Flo fortel at kommunestyret i Styn vil ta stilling til saka tidleg på nyåret.

Følling håper Flo blir nedstemt i sitt eige kommunestyre.

– Eg håper politikarane i Stryn framleis vil at kommunen deira skal høyre til ein del av Sogn og Fjordane, seier ho.

Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap), har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar. Han har derimot tidlegare uttalt at dei Nordfjord-kommunane som ønskjer å bli ein del av Møre og Romsdal er hjarteleg velkomne nordover.