Hopp til innhold

Vil ikkje seia kor mange som faktisk kom på kamp

SOGNDAL (NRK): Sogndal selde 1836 billettar til kampen mot Ull/Kisa søndag, men klubben ønskjer ikkje å oppgi kor mange som faktisk var inne på stadion.

Fosshaugane Campus, kampen mellom Sogndal og Ull/Kisa

IKKJE TRONGT OM PLASSEN: Hovudtribunen på Fosshaugane Campus midtvegs i 2. omgang i kampen mot Ull/Kisa.

Foto: privat

– Det var godt under 1000. Svært lite folk. Det er lenge sidan eg har sett så få, seier Geir Frode Lunden, arrangementsansvarleg i Saftkokaradn, som er Sogndal sin supporterklubb.

Sogndal har i snitt seld 2088 billettar til kampane sine denne sesongen. I kampen mot UIl/Kisa søndag, som dei tapte 2-1, rapporterer dei om 1838 selde billettar.

Men på bileta frå kampen midt i 2. omgang, skal ein vera raus om ein klarer å koma til over 1800 menneske. Ingen NRK har snakka med, trur det var over 1000 tilskodarar. Firda-live sin reporter skreiv at det truleg var mellom 700–800 tilskodarar.

Sogndal Fotball ønskjer ikkje seia kor mange som faktisk var på kampen, eller svara på spørsmål om denne saka.

– Generelt ser me med bekymring på den labre interessa for å sjå Sogndal for tida. Me ser også at andre klubbar i Obosligaen og Eliteserien slit med å få folk til å gå på kampar, seier Lunden.

Familietribuna under kampen mellom Sogndal og Ull/Kisa

FAMILIETRIBUNEN: Heller ikkje her var det trongt om plassen mot Ull/Kisa.

Foto: privat

Selde billettar – ikkje oppmøte

Det er talet på selde billettar klubbane i Noreg rapporterer inn. Sjølv om det er mykje høgre enn det reelle talet på tilskodarar.

– Det vart semje om dette i 2008, då 90 prosent av laga praktiserte dagens løysing. Det var viktig at klubbane rapporterte det same talet, slik at det vart samanliknbare tal, seier Pål Breen, kommersiell leiar i Norsk Toppfotball,

Breen

KOMMERSIELL LEIAR: Pål Breen i Norsk Toppfotball.

Foto: Sindre Murtnes / NRK

– Kan det vera misvisande?

– Så lenge speaker opplyser om talet selde billettar, så vil det ikkje vera misvisande. Det som er meir urovekkande er kvifor dei som har kjøpt billett, ikkje møter opp.

– Gjer de produktet meir populært enn det eigentleg er?

– Det meiner me absolutt ikkje. Lag som Sarpsborg 08, Kristiansund og Rosenborg ligg ein stad mellom 95 og 100 prosent oppmøte. Der avviket blir for stort, er ofte lag som underpresterer sportsleg, samanlikna med forventingane lokalt.

Opne om talet

På andre sida av landet er Hamar-laget HamKam. Etter den offisielle statistikken har dei i snitt om lag 200 færre på kamp enn sogningane.

– Me har hatt 18518 personar inne på stadion i år, fordelt på 11 kampar, fortel Robert U. Kvålshagen, sportskoordinator i HamKam.

Det gir eit faktisk tilskodarsnitt på 1683 personar så langt i år. Han tykkjer det er litt merkeleg å bruka eit tal som ikkje stemmer.

– Det høyrest jo sikkert bra ut med høge tal. Men det blir litt rart for dei som er på stadion, som ser at det er langt ifrå kor mange som faktisk er der, seier han.