Vil ikkje ha luftsportsforbod sjølv om redningsarbeidet er utfordrande

Naudetatane synest arbeidet med luftsportsulukkene i Nordfjord har vore utfordrande. Likevel vil dei ikkje føreslå restriksjonar på luftsport med det første.

Paragliderulukke ved Hoven i Stryn

FIRE ULUKKER: Sidan slutten av april har det vore fire luftsportsulukker i Nordfjord. To av dei har vore dødsulukker.

Foto: Per Tore Sætre

Laurdag kveld vart ein paraglider-pilot henta uskadd ned frå fjellet Hoven i Loen av luftambulansen. Dette er den fjerde luftsportsulukka i Nordfjord sidan slutten av april, og to av dei tidlegare ulukkene har vore dødsulukker.

Politiet seier at arbeidet med ulukkene har vore utfordrande.

– Alle ulukker som fører til skadar eller dødsfall påverkar oss, sjølv om vi er trena til å takle slike saker og har eit apparat for å ta vare på kvarandre i ettertid, seier regionlensmann Tormod Hvattum.

Har ikkje planar om forbod

Etter dødsulukka ved Hoven i slutten av april blei det innført eit midlertidig forbod mot luftsport i området.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

PÅVERKAR: Luftsportsulukkene i Nordfjord påverkar politiet, seier lensmann Tormod Hvattum.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

– Vi har vore innom temaet igjen etter dei siste ulukkene, men vi har ikkje umiddelbare planar om eit forbod, seier han.

– Finst det ein terskel for kor mange slike hendingar som kan skje før det bør innførast restriksjonar?

– Det er ikkje noko vi har drøfta med andre myndigheiter, så ein bestemt terskel kan eg ikkje seie noko om.

To særlege utfordringar

Redningsleiar Andreas Bull ved Hovudredningssentralen i Sør-Noreg seier at dei har kring 15 oppdrag knytt til luftsport i året. Dette talet har halde seg relativt stabilt dei siste åra.

– I periodar er det spesielle område som har meir aktivitet enn andre. I det siste har vi sett at det har vore nokre hendingar i Loen fordi gondolbana gjer området lett tilgjengeleg, seier han.

Bull fortel at det særleg er to faktorar som gjer luftsportsulukker utfordrande for redningsmannskapet.

– Det eine er at dei ofte startar høgt oppe i ei fjellside eller på ein fjelltopp, som gjer at vi treng ressursar som helikopter og alpine redningsgrupper. Det andre er at pasientane ofte er traumepasientar som er utsette for høg energi, og som det hastar med å få til korrekt behandling.

– Forbod fører ikkje til ekstra tryggleik

I Noregs Luftsportsforbund trur dei ikkje forbod er vegen å gå.

– Vi meiner at eit forbod ikkje fører til nokon ekstra tryggleik. Dei som flyg frå Hoven vil då berre flyge frå eit anna fjell der tryggleiken kanskje er dårlegare, seier fagsjef Trond Nilsen.

Han synest det er beklageleg når hendingar i luftsportsmiljøet fører til redningsaksjonar.

– Det er sjølvsagt beklageleg. Både kostnadane og at nokon må ut å delta i aksjonane. Vi jobbar med miljøet vårt for å unngå hendingar, men vi driv med ein sport som av og til resulterer i hendingar og då får vi hjelp av redningsetatane.