NRK Meny
Normal

Tok sitt sjette strake NM-gull - og vil ikkje gi seg før ho har norgesrekorden

JESSHEIM (NRK.no): Ho er den suverene tresteg-dronninga i Norge, men har enno ikkje teke den norske rekorden. Det har Inger Anne Frøysedal tenkt å gjere noko med.

Inger Anne Frøysdal tek sitt sjette strake NM-gull i tresteg. Jessheim 2014.

NOK EIT GULL: Inger Anne Frøysedal er gullgrossist i tresteg. Her hoppar ho 13,30 meter i eitt av forsøka under NM. Ho vann med 13,45. Foto: Rune Fossum

– Det er like kjekt kvar gong. Og det er artigare jo fleire det blir. Eg får jo ei stadig lengre medaljerekke, smiler Inger Anne Frøysedal.

Ho har akkurat sikra seg sitt sjette strake NM-gull i tresteg, og kan med rette kalle seg norsk tresteg-dronning.

Med eit lengstesprang på 13,45 meter var ho heilt suveren - med nesten ein meter ned til Oda Utsi Onstad på andreplass.

Har vore skada - men satsar neste år

25-åringen frå Stryn tok sitt første NM-gull i 2009. Sidan den gongen har ho ikkje sett seg tilbake. Og ho ser framleis framover.

– Eg har vore lenge skada i ein hamstring, og det er om lag to månader sidan sist eg hoppa med piggsko, så eg vil ikkje planleggje for langt fram. No tar eg eitt år om gongen, seier ho.

– Men eg føler eg har meir inne. Eg har tenkt å satse også neste år.

Gir seg ikkje før ho har norgesrekord

I sommar har Frøysedal hatt ein mellombels lisens som veterinær på Andøya. No ventar eit års vikariat på Sortland. Det let seg fint kombinere med satsing.

I år gjekk EM-håpet i vasken grunna skade. No er ho igjen topp motivert.

– Kva mål har du sett deg framover?

– Eg vil gjerne slå norgesrekorden. Vil helst ikkje gje meg før den er min.

Har hoppa lenger, men ikkje godkjent

Den norske rekorden tilhøyrer Lene Espegren frå Tjalve, og er på solide 13,85 meter - sett i Kroatia i 1999.

Det høyrer med til historia at Frøysedal i juli 2010 hadde eit forsøk på 13,88 meter, men at det var for mykje medvind til at ho fekk godkjent sprangt som norsk rekord.

– Du er jo berre 25 - og har kanskje fleire år med nye sjansar?

– Ja. Det er fint mogleg å hoppe nokre år til, seier stryningen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.