Hopp til innhold

Sprinta inn til si femte NM-medalje

Øyvind Strømmen Kjerpeset gjekk rett til fysioterapeut etter målpassering på 200 meter. Lite viste han kor tett medaljekampen vart.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

MÅLFOTO: Så nærme var Øyvind Strømmen Kjerpeset (øvst i biletet) å bli tilvist til fjerdeplass i dagens 200 meterfinale i Kristiansand.

Foto: Målfoto

For det måtte fotobevis til før det vart klart at florøværingen på nytt hamna på pallen.

For andre gong under meisterskapen i Kristiansand, og for femte gong i eit senior-NM.

– Eg hadde håpa på ei medalje, men det var ei strek i rekninga at Jay (Jaysuma Saidy Ndure, red. anm.) stilte på startstreken. Han var det lite å gjere med, seier Øyvind Strømmen Kjerpeset.

Rett til behandling

Florøværingen har slite med skade tidlegare i vår, men kjenner seg i god form. Fredag vart det NM gull på 400 meter. Laurdag gjorde han akkurat nok til å nå finalen på 200 meter.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

JUBLAR: Øyvind Strømmen Kjerpeset tok to medaljar under NM i Kristiansand.

Foto: Narve Heggheim

Med tida 21,95 kom han i mål på same tid som Torbjørn Lysne (Gular), og eitt hundredel føre Tormod Hjortn (Lillehammer). Foto viste at Lysne var hakket før Strømmen Kjerpeset i mål. Ndure vann med tida 20,91.

– Eg sprang ein god 200 meter, og er sjeleglad for at eg kom i mål utan skade. Utan å vite verken plassering eller tid gjekk eg rett til fysioterapeuten, fortel han.

Vurderte å stå over

For Strømmen Kjerpeset vurderte lenge om han skulle stå over 200 meter finalen. Dette på grunn av Diamond League-stemnet han skal delta i Zürich kommande onsdag.

– Før start sleit eg med hamstringen, og problema var så pass store at eg i det heile vurderte om eg skulle stå over, men eg klarte ikkje å dy meg. Det er jo så artig å springe 200 meter, seier han.

– Men eg kjende undervegs at det nappa i hamstringen. Eg hadde ikkje så mykje å gå på då eg sprang i mål, vedgår han.

– Eg er berre kjempenøgd

– Eg veit eg er i god form og vann eit nasjonalt stemne førre helg, så tenkte kvifor ikkje, seier han og fortel det var sterk motvind, kaldt og regn under konkurransen.

Med andre ord ikkje optimale forhold. Med si tredje NM-bronse og andre NM-gull som senior, er Strømmen Kjerpeset godt nøgd med konkurransen.

– Tida 21,95 etter ein 400 meter hekk og innleiande og finale på 200 meter, og med dei vanskelege forholda, så er eg berre kjempenøgd. No er det berre å reise heim til Oslo og slappe av til eg reiser til Zürich på onsdag.

Fleire medaljar

Utøvarane frå fylket fekk ein god start på meisterskapen onsdag med sju medaljar.

Laurdag følgde Trude Raad opp med sølv i slegge etter eit lengstekast på 61,09 meter. Det var over meteren bak sigrande Mona Holm Solberg (Tjalve).

På 110 meter hekk sprang Eivind Stavang (Florø) inn til sølv med tida 14,65. Ikkje uventa gjekk Vladimir Vukicevic (Ski) heilt til topps med tida 13,96.

Strynejenta Inger Anne Frøysedal leverte eit kjempehopp i tresteg då ho fredag vann med 13,71. I lengde laurdag vart det femteplass med 5,69.