Hopp til innhold

Ingrid (20) fekk hakeslepp då ho sjekka resultatlista etter maratondebuten

– Eg har alltid hatt lyst til å springe maraton, men at eg skulle vinne klassa hadde eg aldri venta.

Ingrid Lefdal

OVERRASKA: Ingrid Lefdal tenkte ikkje resultat eller plassering under dagens Oslo Maraton, og vart overraska då ho såg resultatlista. – Målet var å springe under fire timar, så eg var jo nøgd med berre det, smiler ho.

Foto: Privat

Det seier Ingrid Lefdal (20) frå Førde etter å ha stukke av med sigeren i 18-21-årsklassa for kvinner under Oslo Maraton.

Først då foreldra ville vite korleis det gjekk, vart 20-åringen klar over sigeren.

– Då var eg nesten komen heim og såg fram til å få i meg litt mat. I staden måtte eg gå tilbake og hente premien min, ler ho.

To økter for dag

Politistudenten har nett flytta frå Førde til Oslo. For tre veker sidan bestemte Lefdal seg for å gjere alvor av planane om å springe maraton, og melde seg like godt på Noregs største maratonløp.

Med tre mil som sitt lengste løp nokosinne, melde tvilen seg i går. Men løpet gjekk betre enn venta. Ni sekunds leiing ved 15 kilometer, var blitt åtte minuttar i mål.

Då viste tidtakaren 03.48,33. Raskast av dei 15 i klassa.

– Målet var under fire timar, så eg var jo nøgd med berre det, seier 20-åringen.

– Trenar du mykje?

– Eg er veldig glad i å trene og å halde meg i form. Det blir ei økt eller to for dagen. Då blir det fort tre timar, hovudsakleg med springing og styrke.

Gav meirsmak

– Eg studerer til politi, og då må eg vere i god form. Så er det kjekt å sjå at all treninga gir resultat, legg Lefdal til.

Totalt enda Lefdal på 131.-plass blant kvinnene. Russiske Marfa Troeva var raskast av dei 610 løparane, med tida 2.54,12.

Opplevinga av å springe maraton i hovudstaden gav Lefdal meirsmak.

– Det var nydeleg vêr og god stemning langs løype. Det var folk overalt. Ein skikkeleg folkefest, seier 20-åringen som vil prøve å springe fleire maratonløp i framtida.

– Eg likar å utfordre meg sjølv, og gjere ting som krev litt, smiler ho.

Fekk sting etter 5 km

Friidretts-EM: Pressetreff med utvalgte utøvere

FEKK STING: Marius Vedvik opna med ein snittfart på 3:06 per kilometer på dei fem første kilometerane. Så fekk han sting.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Det var fleire lokale utøvarar blant dei kring 22.000 deltakarane på Oslo Maraton.

Marius Vedvik, som i år har gjort sin beste sesong så langt med ny personleg rekord på 1 500, 3 000 og 5 000 meter, vart nummer åtte på halvmaraton med tida 1.10,38. Det var fem minuttar bak Ådne Andersen, som vann distansen.

– Opninga var nok litt hard, og eg fekk sting etter fem kilometer. Det har aldri skjedd meg før, seier han og fortel at han sprang dei siste fire kilometerane med stein i handa.

– Det var latterleg. Eg måtte stoppe opp og gå litt, og det var freistande å gi seg. Men det hadde ikkje vore bra, seier førdeløparen som har sprunge distansen seks minuttar raskare.