Hopp til innhold

Vil ikkje bli straffa for å vere ufrivillig åleine

Alfred Bjørlo går ikkje med på å bli straffa for å bli ståande ufrivillig åleine etter kommunereforma.

Alfred Bjørlo

BLIR STRAFFA: Alfred Bjørlo meiner Eid blir straffa for å stå åleine, sjølv om dei har jobba hardt for å få til kommunesamanslåing med naboane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er stikk i strid med heile ideen bak kommunereforma, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Han reagerer på at kommuner som har jobba for å få til samanslåing, men som ikkje har fått det til, ikkje skal få dei økonomiske tilskota regjeringa har lokka med til kommuner som slår seg saman.

– Kommuner som Eid og mange andre seier ja og ønsker større kommuner. Så opplever vi no å bli straffa økonomisk, og må gi dårlegare tenester der vi faktisk har sagt ja til større kommuner for å gi betre tenester, seier Bjørlo.

Vil tape millionar

Kommunestyret i Eid vedtok i juni å slå seg saman med andre kommuner i Nordfjord. Men det overveldande fleirtalet, 28 mot éi røyst, er fånyttes dersom naboane ikkje vil slå seg saman med Eid.

Regjeringa sitt nye inntektssystem til kommunene vil belønne kommuner som slår seg saman, medan kommuner som står åleine vil årleg tape millionar i inntekter.

Helge André Njåastad (Frp) utenfor Stortinget

– IKKJE GODT NOK: Helge André Njåstad meiner ein ikkje har vore raus nok dersom ein ikkje har fått til samanslåing.

Foto: Andrea Øien Sæverud / NPK

– Det er uakseptabelt. Eid har vedtatt at vi godtek ikkje å bli straffa økonomisk når vi har sagt ja. Dette forventar eg at stortingsfleirtalet ryddar opp i, på vegne av ja-kommunene rundt om i Noreg, seier Eid-ordføraren.

Legg ansvaret på kommunene

Leiaren for Stortinget sin kommunalkommite, Helge André Njåstad, ser ikkje behov for å rydde opp.

– Ein har ikkje lykkast med å slå seg saman med nokon, og då er der heller ikkje rett at ein tar del i dei gulrøtene som blit gitt for å fremje kommunesamanslåing, seier Njåstad.

Han legg med det ansvaret på kommunene, dersom dei vil ha ekstra millionar i budsjetta sine.

– Det handlar om å få naboane med seg og å få til ei semje med naboane. Dei som lykkast gjer det fordi dei er raus med kvarandre, seier han.

Kritiserer eige parti

Ordførar Bjørlo meiner Eid har kjempa hardt nok for å få til samanslåing. Intensjonsavtale, innbyggarundersøking, folkerøysting, og eit klart ja-vedtak er nok til å få belønning, meiner han.

– Det er heilt urimeleg. Vi har gjort ein knallhard jobb med å få på plass større kommuner.

Det var Bjørlo sitt parti, Venstre, som sikra regjeringa fleirtal for det nye inntektssystemet han no kritiserer.

– Det er absolutt eit felles ansvar for heile det stortingsfleirtalet som står bak kommunereforma, å no sørge for at ikkje ja-kommunene ikkje blir straffa i prosessen vidare, seier Bjørlo.