Hopp til innhold

Vil ikkje betale for nærsjukehuset

Helseminister Sylvia Brustad er ikkje innstilt på å betale ekstra for drifta av nærsjukehuset i Florø.

Nærsjukehuset vart oppretta av helseminister Dagfinn Høybråten som eit pilotprosjekt som seinare skulle bli modell for nærsjukehus andre stader i landet.

Helse Førde meiner nærsjukehuset ikkje er ei oppgåve dei kan prioritere innanfor deira trange økonomiske rammer. Dei ber difor staten ta kostandene.

Brustad viser berre til at nærsjukehuset skal bestå, og må finansierast innanfor dei rammene Helse Vest og Helse Førde får.