Hopp til innhold

Vil hjelpe bønder som slit psykisk

For lite er gjort for å hjelpe bønder som slit med psykiske vanskar. Dette vil nyvald bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Anders Felde, gjere noko med.

Forsømte kyr

VANSKELEG: – Bondelaget vil etter påske sjå på korleis varslingsrutinane er, og undersøkje korleis vi kan bli betre på å avdekke misleghald av dyr, seier nyvald bondelagsleiar Anders Felde.

Foto: Mattilsynet

– Den desidert største utfordringa er å oppdage at ein bonde ikkje har det bra. Ofte er det langt til næraste nabo, og mykje gale kan skje i ein fjøs på fjorten dagar. Dyra får kanskje verken mat eller drikke, seier leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde.

Vil sjå på varslingsrutinane

Etter påske vil Bondelaget gå gjennom sine rutinar for å finne ut om systemet for å avdekke vanstell av dyr kan bli betre.

– Eg som bondelagsleiar må bli betre, og setje fokus på det meir enn tidlegare. Og vi må snakke med dei som er i kontakt med bønder for å sjå om vi kan lage eit betre system, seier Felde.

Over 70 dyr dauda av svolt

Anders Felde

UROA: Bondelagsleiar Anders Felde meiner bondelaget kan gjere meir for å hindre misleghald av dyr, men vedgår at ein til sjuande og sist er avhengig av gode naboar som varslar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I førre veke vart ei av Noregs aller største dyretragediar avdekka i Trøndelag. Der var over 70 kyr funne døde i fjøsen. Truleg svelt dei i hel. Dette var tema på eit møte i Oslo mellom bondelagsleiarane like etter hendinga.

– Det er ei vanskeleg og krevjande utfordring å finne av dette, og vi har ikkje eit godt nok system for å fange opp bønder som ikkje har det bra. Dette vil eg ta opp som eige tema like etter påske, seier Felde.

EIn mjølkebonde får ofte besøk av mattilsynet, veterinær og dei som hentar mjølka, men for dei som driv med kjøtproduksjon kan det gå lenger tid mellom kvar gong det er besøk på garden.

Ein god nabo er avgjerande

Kyr indre Helgeland

KVEN VARSLAR? – Vi må alle ta eit ansvar for å hindre at bønder vert gåande aleine med problem. Men det er vanskeleg å lage eit system som fungerer utover dei vi allereie har i dag, seier bondelagsleiar Felde.

Foto: Mattilsynet

– Vi klarar ikkje å finne ut av det før det kanskje er for seint. Vi er rett og slett avhengige av gode naboar som følgjer med, og det er ikkje godt nok i 2015, seier bondelagsleiaren.

Også Mattilsynet opplever at det er utfordrande å få informasjon om bønder som ikkje har det bra.

– Vi treng gode naboar, men vi er glade for at Felde vil sjå nærare på denne problemstillinga. For sjølv om vi har samarbeid med alt frå helsevesenet til politi og andre som kan vere varsla om ein gard der ikkje alt er som det skal, klarar vi ikkje å fange opp alle. Og det ser vi jo, det har vore fleire alvorlege dyretragediar berre her i fylket dei siste åra, seier distriktssjef for Mattilsynet i Nordfjord, Are Natland Bøe.