NRK Meny
Normal

Vil lokke turistar med uvêr - heile året

Ein skulle kanskje tru at turistar helst planlegger reiser dit kor godvêret er. Men reiselivsbransjen i fylket vil no satse på uvêrsturisme – heile året.

Stormturisme

SATSAR PÅ UVÊR: Visit FjordKysten har søkt midlar hos fylkeskommunen for å satse på uvêrsturisme i vinterhalvåret.

Foto: Harald Grotle

– Her hos oss på kysten av Sogn og Fjordane, har vi jo ikkje veldig stor turisme på vinterstid. Vi har ikkje nok snø til at vi kan ha skibaserte aktivitetar, så vi har tenkt at ei moglegheit er å trekke til seg turistar med den vêrtypen vi har, fortel Wenny I. Hansen.

Wenny I. Hansen

PROSJEKTLEIAR: Wenny I. Hansen er dagleg leiar i Visit FjordKysten og prosjektleiar for ei ny satsing på uvêrsturisme.

Foto: Privat

Ho er prosjektleiar hos Visit FjordKysten, som omfattar kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Flora og Bremanger.

Dei har no søkt prosjektmidlar hos fylkeskommunen for å få i gang eit prosjekt kor ein skal greie ut moglegheitene for å satse på ein ny type turisme i Sogn og Fjordane.

Og det denne turismen skal nytte seg av, er noko trivselsfylket sanneleg har mengder av: Uvêr!

– Uvêret kan vere spektakulært

Det spesielle landskapet med fjord og fjell gjer at turismen i Sogn og Fjordane stort sett er konsentrert rundt sommarmånadane. Manglande snøbyer gjer at dei store hordane av vinterturistar uteblir. Dette vil no reiselivsbransjen ha ei ende på.

Reiselivsplanen i fylket slår fast at det er ønskeleg at turisme skal bli ei heilårsnæring for bedrifter som livnærer seg av turistane.

Visit FjordKysten har lagt merke til at uvêrsturisme har vakse seg stort i USA og Canada, på stadar som har liknande forhold som kysten her til lands. Å satse på uvêrsturisme, blir internasjonalt kalla "storm watching".

Storm

FULL STORM: Brutale bølgar ved kysten kan vere nokså spektakulært, seier Wenny I. Hansen i Visit FjordKysten.

Foto: Mari Rollag Evensen/NRK

Det har reiselivsbransjen i fylket latt seg inspirere av.

– Vi ser jo at det er andre plassar som har denne typen turisme med suksess, mellom anna har vi kikka på Canada og USA, og det er eit veldig viktig produkt for dei, seier Hansen, og trur det kan bli eit viktig produkt også her:

– Uvêret kan jo vere spektakulært i seg sjølv, tenker vi.

Er dette eit forsøk på å gjere det beste ut av det ein har fått delt ut?

– Ja, det kan du seie. No har vi jo ein fantastisk natur, og det er eit fantastisk lys her ute. Uvêret har sin sjarm det og, og det er fascinerande for mange, seier Hansen, og legg til:

– Å utnytte naturressursane vi har i Norge er viktig, og det er klart at vi må bruke dei føresetnadene som ligg der.

Ber om 100.000

Foreløpig er prosjektet i startgropa. Visit FjordKysten har søkt om 100.000,- kroner i fylkeskommunale midlar for å starte eit forprosjekt kor ein skal utvikle uvêrsturisme som konsept for FjordKysten-regionen.

Målet er å bidra til auka tal gjestedøgn, auka verdiskapning og eit meir berekraftig reiseliv.

– Viss vi får midla vi har søkt om, vil vi invitere bedriftene til å vere med inn i prosjektet, og så vil vi sjå på kva andre har gjort i liknande prosjekt som har vore vellykka. Og så vil vi ut ifrå det sjå om vi kan utvikle eit godt konsept, og forhåpentlegvis vil det gjere at reiselivet og bedriftene her får fleire bein å stå på, seier Hansen.

Fleire samarbeidspartnarar blir nemnt i søknaden, mellom andre Kvanhovden Fyr, Utvær, Knutholmen, Bulandsferie, Værlandet, Skjerjehamn og Svanøy. Større reiselivsaktørar som Hurtigruten, Widerøe og Norled blir også nemnt.

Skal gå føre seg i trygge formar

Og sjølv om store, brutale stormar og heftige bølgar kan vere både skremmande og spektakulært, så ønsker reiselivet at møtet med naturens krefter skal vere trygt og godt.

– Vi ønsker å utvikle eit konsept kor det kan gå føre seg i trygge formar, slik at det ikkje skal vere så risikofylt, som ein ofte forbind med uvêrsturisme, seier Hansen.

Storm ved Stad

HEILÅRSTURISME: Snø er det lite av i fjordstrøka på vinterstid. Men mykje vêr har ein likevel.

Foto: Torfinn Kråkenes

Fyrferie og fuglekikking er blant aktivitetane som godt kan gjerast i haust- og vintersesongen, heiter det i søknaden til fylkeskommunen.

Tidlegare denne veka blei det kjent at Nord-Norge er ein av ti stadar Lonely Planet meiner turistar bør besøke i 2015. Håpet er at satsinga på uvêrsturisme kan gjere at Sogn og Fjordane i framtida kan hamne på ei likande liste.

– Det hadde jo vore heilt fantastisk! Det er klart at viss vi kan hamne på ei liste for dei som er interessert i uvêr, så ville det vere veldig bra for Sogn og Fjordane, avsluttar Hansen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå