Hopp til innhold

Via Ferrata håpar på ny spektakulær attraksjon neste år

Friskusar med sans for svimlande høgder kan få nye utfordringar i Via Ferrata i Loen neste år. Kva med å balansere på ein wire i 900 meters høgde?

Hengjebrua

NY ATTRAKSJON I VIA FERRATA: Gjølmunnebrua blir kanskje ikkje den einaste brua i Via Ferrata neste år. Reiselivsaktørar planlegg ei ny spektakulær wirebru. Høgde-entusiastar kan få ekstra spenning i å balansere over eit juv på ein wire.

Foto: Jan Heggheim

Det er Reisemål Stryn & Nordfjord som i samarbeid med Loen Active AS søkjer om midlar til å bygge ut Via Ferrata i Loen. Den allereie spektakulære klatreruta høgt over Nordfjorden skal få ei ny bru og forlenga klatrerute.

Via Ferrata fekk i august i fjor ei bru over Gjølmunnebrua som er 120 meter lang. Brua består av eit 30–40 centimeter breitt aluminiumsgolv der folk kan gå. Brua skal ifølgje søkjarane vere den lengste brua i ein via ferrata i Europa.

Svimlande utsikt

Via Ferrata Loen tar deg opp til majestetiske Hoven på 1010 meter over havet. Utsikta når både Lodalen, Oldedalen, Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen.

(Saka held fram under bilete)

Utbygging i Via Ferrata i Loen

UTBYGGINGSPLANAR: Via Ferrata kan bli bygd ut med 150 meter med klatring og ei ny wirebru – teikna inn med svart.

Foto: Prosjekt

Ruta startar omtrent i sjøkanten og går opp til innsteget til Via Ferrata på 460 meter over havet og så rett til topps på Hoven med fantastisk utsikt over Loen og Olden.

No er planen å utvide med ei ny bru, berre med wire, på 25 meter. Dette skal skje på "Tunga" etter Gjølmunnebrua i 800–900 meters høgde. I prosjektskildringa skriv dei at brua skal ha ein wire nede og to oppe.

I tillegg håpar aktørane på å få bygd ut Via Ferrata med ein 150 meter lang klatresti. For dei kjende vil dette gje ei alternativ klatrerute til Tunga–ei oppleving for dei med sterk hang til spenning.

Ekstra utfordring

For å få utbygginga søkjer aktørane regionalforvaltninga om 250.000 kroner i støtte til arbeidet. I søknaden viser dei til at det er ei aukande interesse for aktivitetsbasert ferie, og at ringverknadane av ei utbygging vil merkast i regionen.

Prosjektleiar Erik Brendefur i Active Loen viser til at dette førebels berre er planar som ligg fram i tid.

– Dersom vi får midlane kan vi få oppstart neste sommar. Men førebels held vi på med å avrunde denne sesongen.

Planen er å ha ferdigstilt utbygginga i august neste år.

Med utvidinga håpar Loen Active og Reiseliv Stryn & Nordfjord på ein Via Ferrata som er 1,5 kilometer lang, og i tillegg vere sentralt for Hoven Loen-satsinga med pendelbane til Hoven.