Hopp til innhold

– Vi bør fase ut norsk oljeproduksjon frå ein topp i 2020 til ingenting i 2040

Norsk oljeproduksjon må avsluttast innan 2040. Det meiner BI-professor Jørgen Randers. Får professoren rett kan 170.000 menneske miste levebrødet sitt i Noreg.

Johan Sverdrup

GIGANT: Johan Sverdrup er den nyaste store pengemaskina på norsk sokkel.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi bør fase ut norsk oljeproduksjon på planlagt måte frå ein topp i 2020 til ingenting i 2040, seier professor Jørgen Randers.

Randers er tidlegare rektor og professor i klimastrategi ved Handelshøyskolen BI. Han leia også Stoltenberg-regjeringa sitt Lavutslippsutval.

No vil han avvikle Noreg si viktigaste inntektskjelde. Petroleum skaffar landet om lag 442 milliardar kroner i eksportinntekter i året.

Randers meiner at samfunnet ikkje tek innover seg at skal verda nå klimamåla vil bransjen verta ulønsam.

– Ein må rett og slett slutte å bruke kol, olje og gass, seier Randers.

Jørgen Randers

VIL FASE UT: Jørgen Randers under ein konferanse på Sandane i Sogn og Fjordane.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Han vil bruke oljepengane på utdanning til dei som misser jobbane.

– Ein kan omskulere 10 000 personar per år, og flytte dei til det vi treng her til lands, folk innan helse, omsorg, forsking, utdanning og reiseliv.

Trur framleis på oljen

Men regjeringa meiner utsegnene frå Randers er hårreisande. Statssekretær i Olje og energidepartementet Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp) er forundra.

– Berre sidan 2002 er staten tilført over 5000 milliardar kroner frå petroleum.

Inntektene frå olje- og gass er større for staten enn samla inntekter frå formue og inntektsskatt.

Valhall-feltet i Nordsjøen

USAMD: Statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp).

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Ein treng ikkje vere rakettforskar for å skjøna at å fase ut staten si suverent største inntektskjelde vil påverke norsk velstandsnivå, seier Smines Tybring-Gjedde.

Meiner norsk olje uansett kan bli ulønsam innan 2040

Men Randers er ikkje åleine om å varsle endetida for norsk olje.

Sjefanalytikar i Nordea,Thina Saltvedt, ser for seg at oljen rett og slett kan bli ulønsam å pumpe opp.

– Vi ser at teknologien utviklar seg raskare enn vi hadde trudd, og slike skifter kan få mykje større følgjer enn vi hadde tenkt. Behovet for olje kan gå mykje raskare nedover enn det vi trur i dag.

Saltvedt peikar på utviklinga innan elbilar, elektriske fly og skip.

Thina Saltvedt

FÅR STØTTE: Thina Saltvedt, analytikar i Nordea Markets innan grøn energi og klimarisiko

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg trur vi når ein topp i oljeetterspurnaden før 2030. Vi produserer olje som er dyrare enn i Midtausten. Når behovet for olje blir mindre blir det vanskeleg å få til lønsame prosjekt, seier Saltvedt.

Trur staten vil halde fram å tene pengar

Men regjeringa trur oljeinntektene ikkje vil forsvinne. Berre i 2018 blir det investert 128 milliardar kroner innan petroleumssektoren.

– Norsk olje er lønsam sjølv med langt lågare prisar. Eksisterande felt verda over blir tappa ut, så det trengst nye investeringar, seier Smines Tybring-Gjedde.

Korleis kan ein då løyse klimakrisa?

– Olje og gassutvinninga, ikkje minst gass, er ein del av løysinga. Vi har lagt til grunn at vi skal nå måla i Paris-avtala, samstundes som vi har ei konkurransedyktig og sterk petroleumsverksemd.

Trur ikkje staten Noreg er klok nok

Jørgen Randers har gitt opp å tru at politikarane gjer som han håpar.

– Det er dessverre ingen sjanse i havet at Noreg vil vere eit så klokt land at vi sluttar å leite etter olje medan olje framleis er lønsamt. Så dette kjem fyrst til å skje etter at oljeprisen har vore låg i om lag 10 år, då kjem vi til å halde opp med nye felt, seier Randers.