Hopp til innhold

Vil få kjebab og kjeikål ut til folket

Mykje av kje- og geitekjøtet i Noreg blir kasta. Det vil Torstein Kollevåg gjere noko med.

Geitetapas

TAPAS: – Geit kan brukast til alt. Folk trur det har stram smak, men det stemmer ikkje. Det er mildare enn sau, og kjekjøt er nærast som mørk kalkun, meiner Torstein Kollevåg. Dette var noko av det middagsgjestene fekk servert under fjorårets middag.

Foto: Tor Orset

– I 2015 selde svigerfar min, som driv geitegard i Kandal i Nordfjord, litt geitekjøt lokalt. I fjor bestemte vi oss for å prøve å få meir merksemd om kjøtet og få det ut til fleire. Då selde vi 100 dyr, fortel Torstein Kollevåg.

Torstein Kollevåg vil få flerie til å ete geit.

ENTUSIAST: Torstein Kollevåg meiner fleire må få auga opp for kor godt geitekjøtet smakar. – No prøver vi å få selt alle dyra som uansett skal til slakt.

Foto: Privat

Etter eit liv nærast i skuggen av sau har geita kome fram i lyset i 2017. Merksemda har likevel ikkje vore berre positiv. Forbrukerinspektørene i NRK fortalde om nyfødde geitekillingar som blir slått i hel fordi dei ikkje kan brukast til mjølkeproduksjon og fordi interessa for kjøtet er laber.

Vil byte ut sau med geit

På garden til svigerfaren har det vore geitehald i fleire generasjonar, og Kollevåg er frustrert over at ikkje fleire har fått auga opp for at geitekjøtet kan brukast på same måte som sau. I fjor inviterte han difor inn til «Kjetegilde» i Oslo og Bergen, med stor suksess. 1. mars står han klar med geitekjøt på menyen att.

– Det var mange som spurte når dei kunne ei slik oppleving igjen, og fleire restaurantar kontakta meg og sa dei ville ha middagen hjå seg. Det er ingen som veit kva som står på menyen, seier han om middagen som folk no står på venteliste for å få delta på.

Merkar auka interesse

Geitost

GEITOST: Kva dei 60 personane som møter til Kjetegilde i Oslo 1. mars får servert veit berre kokken og Torstein Kollevåg.

Foto: Tor Orset

Geitekjøtet er noko av det mest brukte kjøtet i verda, men i Noreg har geita først og fremst vore avla fram med tanke på mjølkeproduksjon. Årleg blir kring 31 000 kje kasa, mellom anna fordi det er dyrt å slakte geitene.

– Vi jobbar heile tida for at det skal lønne seg å levere geitekjøt. Det siste året har vi også sett oppsving i marknaden. Det blir levert og selt meir kjekjøt no enn tidlegare, og det er vi veldig glade for og arbeider vidare med, seier Tone Våg, styreleiar i Norsk sau og geit.

Tilbakemeldingane frå dei som deltok på fjorårets middagar var særs gode. Han formidlar også kjøt ut til restaurantar og privatpersonar, og får stadig bilete og oppskrifter frå fornøgde kundar.

– Det er heilt utruleg at kje- og geite-kjøt ikkje blir brukt meir. Pinnekjøt av kjekjøt, grillribbe med geitekjøt er fantastisk. Og heime har vi bytt ut fårikål med kjeikål og kebab med kjebab. Det burde fleire gjere, seier han.