Hopp til innhold

– Skøytene våre er som brannbilar til sjøs

Med store brannkanonar om bord kan redningsskøytene vere ein svært viktig ressurs ved brann på og nær sjøen. Men for ofte opplever Redningsselskapet at dei ikkje blir tilkalla.

Redningsskøyte på plass ved båtbrann ved Vevlingen i Flora kommune

BÅTBRANN: Ei av Redningsselskapet sine skøyter i sving med brannsløkking i samband med ein båtbrann i Vevlingen i Flora kommune hausten 2013.

Foto: Redningsselskapet

– Som ein beredskapsorganisasjon synest vi det er trist å ikkje bli brukt når det skjer ting. Dette fordi vi veit at vi kan gjere ein skilnad, seier Odd Arne Haueng som er maritim direktør i Redningsselskapet.

– Som ein brannbil til sjøs

Med 41 operative redningsskøyter langs heile norskekysten er selskapet ein av dei viktigaste aktørane for å sikre tryggleik til sjøs.

Men om du trudde skøytene «berre» kan berge fiskarar i naud eller skip frå forlis tek du skammeleg feil. Oppstår det til dømes brann på eller nær sjøen kan redningsskøytene trå til.

– Ei redningsskøyte er nesten som ein brannbil til sjøs. Sjøen er vår motorveg og vi kan ta oss raskt fram, seier Martin Igland Malkenes.

Han er distriktsansvarleg i Redningsselskapet i Sogn og Fjordane, eit fylke der tre redningsskøyter er klare til å rykke ut.

Både i dette og andre fylke har selskapet merka seg korleis redningsskøytene har blitt nytta ved brann, men også at det ikkje fungerer optimalt.

– Det har i det siste vore fleire brannar langs kysten der redningsskøytene er blitt tilkalla og brukt, men vi ser også at dette i mange tilfelle ikkje er tilfelle. Ofte blir vi også tilkalla for seint, seier Igland Malkenes.

Eit ferskt døme på at redningsskøyter har blitt brukt er den dramatiske brannen i Flatanger i Trøndelag i januar i år. Redningsskøyta Harald V. var då dei første på staden og kunne observere flammane frå sjøen. Skøyta vart også nytta aktivt i brannsløkkinga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningsskøyta RS Harald V i Flatanger

FLATANGER: Redningsskøyta Harald V. deltok i sløkkearbeidet under den dramatiske brannen i Flatanger i Trøndelag i slutten av januar.

Foto: Bjørn Tore Ness / NTB scanpix

Trur ikkje ressursane er godt nok kjent

For mannskapet på redningsskøytene er det frustrerande når dei blir kontakta for seint, eller endå verre, ikkje blir kontakta i det heile. Dei vil altså gjerne bli brukte meir.

Rikke Lind

BRUK OSS MEIR: Oppmodar generalsekretær Rikke Lind i Redningsselskapet.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

I ein kronikk i Aftenposten uttrykker generalsekretær Rikke Lind i Redningsselskapet frustrasjon over at skøytene for ofte blir gløymde når noko skjer.

– Vi opplever at vi ikkje blir kalla ut når ulykker skjer, sjølv om vi ligg klare og sjølv vi har tilgjengeleg kapasitet der det er behov, skriv ho i kronikken.

Maritim direktør i Redningsselskapet, Odd Arne Haueng, trur ressursane og kapasiteten på skøytene deira ikkje er godt nok kjent.

– Eg trur dette med kva redningsskøytene har av utstyr og materiell er kraftig underkommunisert. Og kjenner ikkje dei rette aktørane til oss, er det vanskeleg å bruke oss når noko skjer, seier han.

No vil selskapet jobbe aktivt for å gjere ressursane dei rår over meir kjent.

– Kan levere 2500 liter vatn i minuttet

I fjordfylket Sogn og Fjordane er det svært mange kommunar der folk både bur og arbeider langs fjordane. Langs kysten bur det tusenvis av menneske på øyane.

Skulle det oppstå ein brann her, vil vi kunne vere raskt på plass med både folk og utstyr, seier Martin Igland Malkenes i Redningsselskapet.

– I Florø ligg akkurat no redningsskøyta RS Halfdan Grieg. Den har ei vasskanon som kan levere 2500 liter vatn i minuttet. Om det brenn på ei øy eller i ein fjord, eller kor som helst nær sjøen, vil den kunne levere store mengder vatn, seier han.

Han nevner også at redningsskøytene kan bli brukte som kommandosentral, då det ofte kan vere vanskeleg å få oversikt over eit brannområde frå land. I tillegg kan til dømes varmesøkande kamera på redningsskøytene nyttast til å sveipe over store landområde for å finne ut om ein brann i terrenget er heilt sløkt eller ikkje.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann i Flatanger

FLATANGER: Redningsskøyta Harald V. deltok i sløkkearbeidet under den dramatiske brannen i Flatanger i Trøndelag i slutten av januar.

Foto: Redningsskøyta Harald V

Gir grundig informasjon til kommunane

Som distriktsansvarleg i Sogn og Fjordane har Martin Igland Malkenes nyleg send brev til alle kommunane i fylket. Der blir dei tre redningsskøytene i fylket nøye gjort greie for, med kva utstyr dei har tilgjengeleg og kva dei kan hjelpe til med.

RS Simrad Buholmen er stasjonert i Måløy og er bemanna med eit frivillig mannskap som går i døgnkontinuerleg vakt. RS Utvær er bemanna på same måte og er stasjonert i Gulen og Solund.

Dei to skøytene er utstyrte med til dømes varmesøkjande kamera, førstehjelpsutstyr, brannkanon, hjartestartar og lenseutstyr. Om behovet skulle vere der kan dei vere raskt på veg, seier Malkenes.

Hovudbåten, RS Halfdan Grieg, er stasjonert delvis i Måløy og delvis i Florø. Her er det eit mannskap på tre på jobb døgnet rundt, året rundt.

Dei er til ei kvar tid klare til å hjelpe med alt frå søk etter både folk, fartøy eller andre gjenstandar i vatnet eller i strandsona, sløkking av brann i til sjøs eller nær sjøen, dykking etter sakna personar eller for å undersøke skader på båtar, og livreddande førstehjelp.

– I dette informasjonsskrivet står det kva skøytene i Sogn og Fjordane kan bidra med, og kor lang tid det tar dei å rykke ut til ulike stader, seier Igland Malkenes.

Vil inn i beredskapsplanane

Målet er ganske enkelt, Redningsselskapet vil lenger fram i pannebrasken hos dei beredskapsansvarlege i kommunane.

– Vi ønskjer å vere ein del av beredskapsplanane til kommunane. Skjer det noko kan vi vere raskt på plass og vere ein vesentleg ressurs ved alt frå brann til ras, seier Igland Malkenes.

Oppstår det brann på til dømes ei øy vil det vere avgrensa kva utstyr brannvesenet får med seg av utstyr, seier Malkenes. I eit slikt tilfelle vil skøytene kunne levere store mengder vatn på kort tid.

Skulle brannen vere eit stykke frå sjøen kan skøyter som RS Halfdan Grieg fungere som brannpumpe der brannvesenet kan kople på slangar og trekke dei langt innover land.

– Dei som jobbar om bord i skøytene har sjølvsagt kompetanse på sløkking og kan desse tinga. Dette såg vi til dømes ved brannen i Kalvåg nyleg, der byggeigar og brannvesenet har sagt at det kunne gått mykje verre om dei ikkje hadde vore for at redningsskøyta kom raskt til og pøsa på med vatn, seier Igland Malkenes.

Igland Malkenes meiner Sogn og Fjordane er eit eksempel på at det fungerer ganske bra, men også her kan det bli betre.

– Hovudproblemet er at det ikkje er samhandling. Kommunane veit kanskje om oss, men vi har ikkje øvd saman og lagt planar, seier han og etterlyser ein meir heilskapleg beredskap der redningsskøytene er inkludert.

(Artikkelen held fram under)

Redningsskøyta hjelper til i sløkkearbeidet. Foto: NRK.no-tipsar

PÅ PLASS: Under brannen i eit eldre trehus i Kalvåg i januar 2013 spelte redningsskøyta ei viktig rolle for å få kontroll på brannen.

– Ein uvurderleg ressurs

Ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane skildrar dagleg leiar Terje Brandsøy redningsskøytene som ein uvurderleg ressurs. Dei siste åra har samarbeidet blitt betre og betre.

Dagleg leiar Terje Brandsøy ved alarmsentralen

UVURDERLEG RESSURS: Seier leiaren ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane om redningsskøytene.

Foto: Vidar Gudvangen (MMS-foto) / NRK

– Ved fleire høve har redningsskøytene og mannskapet gjort ein veldig godt innsats når det har vore hendingar i nærleiken eller på sjøen, så dei er ei kjemperessurs, seier Brandsøy til NRK.no.

Han treng ikkje å gå lenger tilbake i tid enn til slutten av januar. Då bidrog redningsskøyta sterkt til at brannen i eit gamalt trehus i Kalvåg kom raskt under kontroll.

– Dei var raskt på plass og var med å avverje ein større brann, seier han.

Brandsøy legg ikkje skjul på at det er grenser for kor mykje utstyr brannvesenet greier få med seg når det oppstår brann på til dømes ei mindre øy.

– Dei fleste brannvesen har mindre fartøy, eller dei må leige fartøy, for å kome seg ut. Då må dei ha med seg mobilt utstyr sjølve, og det er klart det kan vere meir tungvindt og tidkrevjande enn å rekvirere ei redningsskøytene, seier Brandsøy.

Ber brannsjefane ta grep

Redningsselskapet vil altså at skøytene deira skal bli meir brukte når det brenn. Brandsøy er ikkje i tvil om at det er potensial for forbetring, også i Sogn og Fjordane.

Han set stor pris på engasjementet frå Redningsselskapet si side, og oppmodar brannsjefane ut ei kommunane til å ta grep.

– Det viktige er god dialog mellom redningsskøytene og brannvesenet som ligg kystnære, og at dei ser på kva moglegheiter som er for å bruke skøytene.

– Det er viktig at dei snakkar saman, øver saman og kjenner til kvarandre. Då blir dei også brukte når noko skjer, seier han.

Sender ikkje dyr rekning

Kor vidt pengar har vore ein barriere for å be redningsskøytene om hjelp er Odd Arne Haueng usikker på.

Han seier dette er blant tinga dei vil sjå nærare på, men understrekar at betaling kjem i andre rekke når behovet for hjelp er stort.

– Når det gjeld søk, redning og katastrofar så er det ikkje snakk om å ta seg betalt. Men om ein ønskjer ei redningsskøyte for å drive ettersløkking eller brannsikring over fleire dagar, då ønskjer vi å kome i ein dialog om kompensasjon, seier han.

– Det vil tene alle

Martin Igland Malkenes i Redningsselskapet håpar fleire kommunar i Sogn og Fjordane tek kontakt for å diskutere korleis skøytene kan bidra ved hendingar i deira område.

– Både innbyggjarar og busetnad kan tene på at beredskapen er best mogleg. Ein har ved fleire høve sett at samhandlinga mellom dei ulike aktørane på ein skadestad ikkje er god nok, og at enkelte ressursar blir utelatne.

– Vi meiner det må bli slik at alle får vere med, og at alle veit kva ressursar som er tilgjengelege, seier han.