– Det såg veldig stygt ut. Eg er glad for at liv ikkje gjekk tapt i brannen, seier Svein Inge Fosse som eig bygget der det byrja brenne.
Huset ligg i eit tett trehusmiljø på kaia. Det var han sjølv som oppdaga brannen.
– Eg såg at det kom røyk frå bygget og fekk sett på brannslangen. Heldigvis var brannmannskapet raskt på plass og tok over. Vi har eit fantastisk brannmannskap her, eg vil rose dei etter denne hendinga, seier han til NRK.no.
Var fare for spreiing
Brannmannskap frå heile Bremanger og frå Florø blei sende til staden. Rundt 30 brannmenn har vore med på sløkkearbeidet. Politiet fekk melding om brannen klokka 15:52. Det var mykje røyk i området, men ingen synlege flammar.
– Brannen er ikkje under kontroll og vi har evakuert fem personar. Det er framleis røykutvikling og brannmannskap held på å sløkke, sa operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt klokka 16:30.
Ho seier husa står tett og at det er vind i området. Dermed kan det vere fare for at brannen kan spreie seg. Brannen skal ha starta på kjøkkenet i eit kafebygg på kaien i sentrum av Kalvåg.
– Det skal ikkje vere folk som er kome til skade, seier Hope.
Sende 12 brannmenn frå Florø
Vaktleiar Terje Brandsøy ved Alarmsentralen seier alt tilgjengeleg mannskap i Bremanger blei kalla ut.
– Vi er 20–30 frå Bremanger og 12 brannmenn frå Florø som har kome med båt. Vi får også hjelp frå redningsskøyta, seier han.
(Artikkelen held fram under videoen)
Spruta vatn inn vindauge
Like før 17:45 melde Alarmsentralen at alle ressursar var på plass og at det blei jobba hektisk med sløkkinga inne i huset. Det blei teke ut eit vindauge i gavlen slik redningsskøyta kunne spyle inn i bygget.
– Redningsskøyta er til god hjelp og er med på å spyle ned huset. No skal vi etter kvart gå inn med røykdykkarar, seier han.
Brannen har ikkje spreidd seg til nabohusa. Fem personar er evakuerte frå to hus ved sidan av brannstaden.
Trur kokeplate kan vere årsaka
Eigar Svein Inge Fosse som er eigar av reiselivsverksemda Knutholmen, har forklart til politiet at ei gløymd kokeplate kan vere årsaka til brannen.
– Vi held på å lage nytt kjøkkenet på Knutholmen og har brukt kjøkkenet der det byrja brenne til å lage mat i dag. Eg trur det er ei gløymd kokeplate som er årsaka til brannen. Det er det eg har fortalt politiet.
Det er ikkje synlege skader på bygget, men Foss reknar med det er store skader innvendig.
– Kjøkkenet og utstyret er no heilt øydelagd og det er truleg store skader i taket.
– Frykta du at brannen skulle spreie seg og at det kunne bli ein ny storbrann?
– Hadde det teke fyr i dei andre hus kunne det gått dårleg, men eg følte brannmannskapet fort fekk god kontroll og avgrensa brannen, seier han.
Klokka 19:00 melder politiet sin innsatsleiar på staden at brannen er under kontroll. Bremanger lensmannskontor etterforskar brannårsaka vidare. Brannvesenet held vakt på staden.