Hopp til innhold

Temperaturen stig i den brannherja båten - er slepa ut på fjorden

Brannvesenet og politiet er redd for fleire eksplosjonar om bord i «Karm Viking», og har difor sytt for at den no er i trygg avstand frå land.

Brannvesenet har slept den brennande båten Karm Viking ein kilometer frå land og oppretta ei sikkerheitssone på 250 meter rundt båten. Foto: Øystein Torheim

VIDEO: I føremiddag blei båten slept ein kilometer ut på fjorden for å vere på den trygge sida. Det blir oppretta ei tryggingssone på 250 meter rundt båten. Foto: Øystein Torheim

Brannvesenet har slepa den brennande båten Karm Viking ein kilometer frå land og oppretta ei sikkerheitssone på 250 meter rundt båten.

Lensmann Bård Astrup Didriksen seier dei har slepa båten ut på fjorden fordi dei er redd for at brannen skal utvikle seg.

Bård Didriksen

- PÅ DEN TRYGGE SIDA: Lensmann Bård Astrup Didriksen tek ikkje sjansen på å la båten ligge til kai.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi gjer dette for å vere på den trygge sida. Båten blir slepa ut på fjorden fordi det er varmeutvikling om bord enno, seier han.

Han fortel at det vart målt 170 graders varme på utsida av båten på styrbord side i morgontimane, og at temperaturen hadde stige sidan den tid.

– Vi veit at det er to gassflasker om bord, ei med acetylen og ei med oksygen. I tillegg er det ein god del diesel i drivstofftankane.

Båten vart slepa ut frå kaia av redningsskøyta Emmy Dyvi. Også slepebåten Boa Heimdal frå Kystverket er på staden for å hjelpe til.

No er oljevernbåten «Oljevern 1» på veg frå Ålesund til Stadlandet for å vere i beredskap i helga i tilfelle havari og diesellekkasje.

40.000 liter drivstoff om bord

Brann på Karm Viking

EKSPLOSJON: To gassflasker har eksploderte om bord i fiskebåten Karm Viking som ligg til kai på Otneimneset på Stad.

Foto: Øystein Torheim

Torsdag kveld byrja båten å brenne då to gassflasker eksploderte om bord. Politiet fekk melding om brannen i den 38 meter lange tidlegare fiskebåten «Karm Viking» klokka 21.47 torsdag kveld.

Både brannvesen, ambulansar og politi rykka ut til kaien i industriområdet på Otneimneset på Stadlandet. «Karm Viking» er ein gammal fiskebåt som no gjer teneste som vaktbåt. Det er 40.000 liter drivstoff om bord i båten.

Lensmannen veit førebels ikkje kva som er årsaka til at dei to gassflaskene byrja å brenne. Det skal ikkje pågått arbeid om bord då brannen starta.

– No blir bilen liggjande på fjorden, så får vi sjå kva som skjer, seier han.

Det var to personar om bord på båten, men begge kom på land ved eiga hjelp. Dei to skal ikkje ha blitt skadde, men blei sende til lege for sjekk.

Karm Viking blir slept på fjorden

SLEPAR BÅTEN: Redningsskøyta Emmy Dyvi slepte båten ut på fjorden. Også slepebåten Boa Heimdal er med på jobben.

Foto: Redningskøyta Emmy Dyvi

170 grader på skutesida

Varmesøkjande kamera viser brannen ombord

HØG TEMPERATUR: Varmesøkjande kamera som viser brannen om bord i dag tidleg.

Foto: Vidar Johannessen, redningsskøyta Emmy Dyvi

Vaktleiar Frode Eide ved 110-sentralen seier eit av faremomenta er om temperaturen stig mykje. Det er gassflasker og ein god del diesel om bord.

– Det er ei flaske med oksygen og ei med acetylen. Ved høg temperatur kan acetylen eksplodere, oksygen vil eskalere ein brann, seier han.

Han seier dei framleis ikkje har kontroll på brannen og det er ein del varme om bord.

– I dag tidleg var det målt 170 grader på skutesida og vi ser at det er stigande temperatur. Men røyken minskar og det er ikkje synlege flammar.

Båten er trekt ein kilometer søraust for Otneimneset på Stadlandet. Det er oppretta ei tryggingssone på 250 meter rundt heile båten.

– Det er fordi det ikkje skal vere fare for folk i området. l tillegg er det eit tankanlegg på kaia og vi ville ha båten vekk derfrå. No skal vi vurdere om det skal leggjast lenser i området i tilfelle det er fare for forureining, seier han.

Vil ha oljevernbåt på plass

Like før klokka 11 melder politiet at Kystverket har overteke ansvaret for aksjonen, då det ikkje lenger er ein redningsaksjon. Interkommunalt Utvalg for Akutt forureining (IUA) er på staden for å vurdere faren for forureining.

– Vi prøver å få ein oljevernbåt som no ligg i Ålesund, på plass her slik at den kan liggje i området i helga, seier lensmann Bård Astrup Didriksen.

Politiet skal etterforska brannen, men kan tidlegast ta til med vidare undersøkingar før over helga.

– Vi må vente på at båten skal bli kald nok til at vi kan gå om bord, seier han.

Karm Viking blir slept

BLIR SLEPT: Karm Viking blir no slept om lag 500 meter ut på fjorden.

Foto: Aina Otneim