Hopp til innhold

Redningsskøytene hadde 43 fleire oppdrag i fylket

Berre i Sogn og Fjordane hadde Redningsskøytene 43 fleire oppdrag i 2011. Totalt i heile landet hadde dei 106 fleire oppdrag.

Video Jobb i dårleg ver

PÅ VAKT UANSETT: På redningsskøytene er det folk på jobb, uansett vêr.

– Eg trur talet hadde vore endå høgare hadde vi hatt ei normal sommar, seier båtførar Ole Midtgård på RS «Simrad Buholmen» som ligg i Måløy.

Den dårlege sommaren i 2011 førte til at den store straumen av fritidsbåtar som i sommarmånadene ofte trafikkerer langs kysten vår, uteblei.

– Når sommaren er betre, er også båttrafikken høgare. Då er ofte behovet for assistanse deretter, seier Midtgård.

Treng den beredskapen som er

Han er ikkje overraska over at tala syner ein auke i talet på redningsoppdrag, og poengterer at beredskapen langs kyststripa trengst.

– Beredskapen må iallfall liggje på dagens nivå. Helst burde den ha vore noko over, seier Midtgård.

Dei fleste oppdraga som redningsskøytene tek seg av er fartøy som treng assistanse eller sleping til kai grunna motorproblem, grunnstøyting eller fordi dei har fått tau eller fiskegarn i propellen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video VARMEKAMERA-040810-SFMPEG-4_SF.mp4

Slik skal redningsskøyta berge liv

Meir kjenslevar elektronikk

– Moderne båtar er spekka med mykje elektronikk. Det skal så mykje mindre til for at dei stoppar. Dersom ein alarm slår seg ut på eitt eller anna elektronisk, stoppar det ofte heile båten, seier Midtgård.

Han legg til at redningsskøytene også har hatt ein del oppdrag i etterkant av uvêr.

– Vi har hatt litt etter stormen «Dagmar», men vi har også hjelpt til etter mindre uvêr, seier Midtgård.

Er ofte først på staden

– Dei mange oppdraga i 2011 syner endå ein gong at redningsskøytene er viktige for kystmiljøet vårt. Vi er som regel dei første på staden når store skip går på grunn eller får motorstopp, og redningsskøytene våre har stor slepekraft til å hjelpe dei, seier generalsekretær i Redningsselskapet, Øyvind Stene.

Då hurtigruteskipet Nordlys kom i brann utanfor Ålesund sette RS «Emmy Dyvi» sleper på under ti minuttar og fekk skipet trygt til kai.