Hopp til innhold

Smittealarm: Ber pårørande halde seg unna sjukehuset

17 pasientar på Sentralsjukehuset i Førde har blitt råka av svært smittsam magesjuke og influensa. Det blir no sett i verk tiltak for å hindre vidare smitte.

Akuttmottak Førde sentralsjukehus

MANGE SMITTA: Om lag 20 pasientar ligg på Førde sentralsjukehus med kombinasjonen av influensa og norovirus.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Ingen av pasientane er rekna som alvorleg sjuke, men sjukehuset ser alvorleg på smittesituasjonen og har sendt ut melding til kommunane og fastlegane i Sogn og Fjordane.

– Dette gjeld spysjuke som smittar via dråpekontakt om vi til dømes ikkje vaskar hendene våre skikkeleg eller kjem i kontakt med spytt og slikt. Det er vanleg god handhygiene som må til, både for dei tilsette, men også for folk som kjem til sjukehuset, seier fagsjef i Helse Førde, Kristine Brix Longfellow.

På sjukehuset er i alt fem avdelingar råka av smitten: Ortopedisk, fødeavdelinga, intensiv og kirurgisk.

Ber folk halde seg unna sjukehuset

Helse Førde vil no mellom anna avgrense besøk til sentralsjukehuset for å hindre at smitten spreier seg vidare.

– Eit av tiltaka no før palmehelga er å be pårørande om ikkje å kome på besøk på sjukehuset om det ikkje absolutt er naudsynt. Vi skal ikkje ha fleire sjuke inn og vi skal ikkje smitte fleire som alt er pasientar.

Flyttar smitta pasientar

I tillegg til dei om lag 20 pasientane er også nokre av dei tilsette smitta og sjukemelde. Helse Førde melder at dei per no har kontroll på situasjonen.

– Dette byrja for 14 dagar sidan, då hadde vi tre smitta pasientar på ei avdeling. No ser vi at det er fleire avdelingar som har sjuke og då slår vi alarm. Då gjeld det for oss å setje i verk litt ekstra tiltak. No må vi auke merksemda så vi til dømes ikkje flyttar pasientar rundt på sjukehuset som er smitta eller som ikkje veit at dei er smitta, slår Longfellwo fast.

Kristine Brix Longfellow
Foto: Per Marifjæren / Helse Førde