Hopp til innhold

Vil at alle skal læra hjarte- og lungeredning på skulen

VÆRLANDET/BULANDET (NRK): Obligatorisk trening på hjarte og lungeredning på alle landets skular. Det er ønsket til Ruth Bakke.

Ruth Bakke, Værlandet

UNDERVISER: Ruth Bakke har kurs i hjarte og lungeredning med ungdomsskuleelevane på Bulandet skule i Askvoll.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– 90 prosent av det ein gjer, hugsar ein. Det ein les og høyrer hugsar ein ikkje like godt, så derfor er det best å gjera det i praksis, seier Ruth Bakke.

Den pensjonerte sjukepleiaren har kurs med ungdomsskuleelevane på Bulandet skule i Askvoll. Der øver dei på dokker som ho har fått tak i, slik at dei får gjort dei praktiske øvingane med hjartekompresjonar og innpust.

Redda livet til mannen

Bakke har engasjert seg i at flest mogeleg i øysamfunnet skal kunna hjarte og lungeredning. For øya ligg langt ute i havgapet. Ferja bruker ein time ut der – luftambulansen frå Førde treng ein halvtime.

Det var etter at Bakke redda mannen sitt liv då han fekk hjartestans i heimen i 2009 at ho tok initiativet til å starta med opplæring av flest mogeleg på øya.

– Eg er veldig opptatt av at ungar i heile landet får læra det i skulen. Då veit dei kva dei skal gjera om dei kjem i ein slik situasjon og så hugsar ein det, seier Bakke.

Hjarte og luneredning, Bulandet skule, Værlandet

ØVER PÅ DOKKER: Elevane i Bulandet og Værlandet fekk øve seg med dokker når dei skulle lære livredning.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Redningslegen likar initiativet

Rune Larsen kom til Værlandet som lege då mannen til Ruth Bakke fekk hjartestans. Han applauderer initiativet i øysamfunnet.

– Den gongen var vi ikkje sikre på om det kom til å vere noko liv i vedkommande då vi kom fram. Jaggu overlevde han, og det er jo takka vere innsatsen til Ruth, seier Larsen.

Den røynde legen fortel at det er livsviktig å få på plass så mykje undervisning om livredning som mogleg. Difor støttar han tiltaket til Bakke med å lære opp skuleelevar.

– Skal vi kunne redde folk, så er vi heilt avhengige av at nokon andre set i gang med livredning. Med mindre det er i ein sjukehuslobby du får hjartestans, så er det andre enn legar så må kome til først, seier Larsen.

Hjarte og luneredning, Bulandet skule, Værlandet

UTSETT: Øysamfunnet i Bulandet er særleg utsett ved hjartestans, då det er lang veg til næraste sjukehus.

Foto: Arianrhod Engebø

Elevane tok sjølve tak

Elevane som fekk kurs på Bulandet skule tok sjølve initiativet til å få opplæringa.

– Det er langt til sjukehuset og det tar lang tid før det kjem helsepersonell. Det er viktig å læra det, for ein veit aldri når ein kan kome i ein situasjon der ein treng kunnskapen, seier 9.-klassingen Ingvill Oddekalv.