I september i fjor fekk Karl Arthur Bakke hjartestans. Han var heime i stova på Værlandet saman med kona Ruth Bakke.
Byrja med førstehjelp
Ruth kan førstehjelp, og visste nøyaktig kva ho skulle gjere for å hjelpe mannen sin.
Ho tok telefonen, ringte AMK og byrja livreddande førstehjelp.
Hjartestartar på øya
- Det er veldig skremmande, seier Ruth når ho blar i bileta frå då mannen var sjuk
På øya har dei også ein hjartestartar som fleire er trena i å bruke.
Dermed kunne Ruth, og dei andre som kom til for å hjelpe, gje Karl Arthur den rette hjelpa som førte til at han overlevde.
- Ho redda han
For lege på luftambulansen Rune Larsen er ikkje i tvil om at det var det som redda Karl Arthur.
- Er ein så uheldig å få eit hjarteinfarkt er ein heilt avhengig av dei som er saman med ein når ein får det, seier Larsen.
Han var på vakt på luftambulansen denne dagen i september, og flaug til Haukeland sjukehus med Karl Arthur som passasjer.
Livsviktig kunnskap
Larsen meiner at deira innsats ikkje hadde vore noko verdt om kona ikkje kunne førstehjelp.
- Vi kan komme med alle ressursar og bruke millonar av kroner. Men det nyttar ikkje om den som er i nærleiken til den som har stans ikkje kan førstehjelp. For det er dei fem første minutta etter ein stans som tel, seier han.
5000 personar får uventa hjartestans i løpet av eit år. Berre sju prosent overlever stansen.
- Eg trur det er mogleg å dobble dette talet, seier Larsen.
Tida som avgjer
Men då må folk kunne førstehjelp.
I tillegg til Ruth sin innsats, fekk Karl Arthur hjelp av den lokale, frivillege hjartestartargruppa på øya.
- Det er tida som tel, seier Helge Landøy som er ein av dei frivillege i gruppa.
Han gav Karl Arthur tre støt med hjartestartaren før luftambulansen var på plass.
Takksam for at han lever
- Eg er veldig glad for at eg kunne førstehjelp. Tenk å å stå å sjå på at han døde då. Det er verre enn noko, seier Ruth i dag.
Karl Arthur har kome seg etter stansen, og er takksam for at han er i live.
- Eg må jo takke kona for at eg lever, seier han.