Hopp til innhold

Eldre skal lære hjarte-lungeredning

I over 20 minutt kjempa Ruth Bakke (63) ein intens kamp for å halde hjartet til mannen i gang. Dei skal no fronte ein ny nasjonal kampanje.

Video Eldre skal lære hjarte-lungeredning

Innslag på NRK Dagsrevyen 20. september.

Ein nasjonal kampanje skal få eldre til å lære seg hjarte- og lungeredning for å redde liv. For eitt år sidan redda Ruth Bakke mannen Karl Arthur (66) sitt liv, fordi ho visste kva ho skulle gjere.

– Eg er så glad fordi eg visste kva eg skulle gjere. Han var jo eigentleg død på gulvet, men så hadde eg han med meg heim igjen frå sjukehuset etter tre veker, seier ho.

– Kjekt å bidra

I januar fortalde NRK Dagsrevyen den sterke historia. No er dei hovudpersonar i kampanjen og opplæringsvideoen «Redd liv sammen». Målet er å lære opp lokale instruktørar som igjen skal lære opp 5000 eldre innan våren 2011.

Prosjektet vart sparka i gang på Værlandet i Askvoll denne helga.

– Det er kjekt å bidra. Eg opplevde noko som eg ikkje unnar nokon å oppleve, men det er godt at vi kan snu det til noko positivt, seier Ruth Bakke.

(Artikkelen held fram under biletet)

Karl Arthur og Ruth Bakke

Ruth og Karl Arthur Bakke ser på dagboka frå det tre veker lange sjukehusopphaldet i Bergen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Viktigast for eldre

Anestesilege og forskar Jo Kramer-Johansen

Anestesilege og forskar Jo Kramer-Johansen

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det er Oslo Universitetssykehus som saman med Universitetet i Stavanger, Safer og Laerdal som har gått saman om den nye landsomfattande aksjonen som skal få eldre til å lære seg hjarte- og lungeredning.

– Historia til Ruth og Karl Arhur passa som hand i hanske for oss. Den viser korleis ein som vanleg kone og mann kan redde liv, seier forskar og anestesilege Jo Kramer-Johansen ved Oslo universitetssykehus.

For det er personar på rundt 60 år som har mest bruk for å lære dette, ifølgje Kramer-Johansen, slik at dei kan redde vener, ektefelle og familiemedlemmer i same aldersgruppe. Og dei eldre er mykje betre til å redde liv enn det tidlegare undersøkingar har vist. Det syner ein ny studie ved Oslo Univeritetssjukehus.

– Eldre bør gå på kurs i hjarte-lungeredning, for dei og dei rundt dei som blir råka av hjartestans, seier Kramer-Johansen.

(Artikkelen held fram under tv-innslaget)

Video «Redd liv sammen»

Her er delar av opplæringsvideoen «Redd liv sammen» som Ruth og Karl Arhur Bakke er hovudpersonar i.

Del av forkingsprosjekt

Studien syner at eldre menneske heilt fint klarar å gjere hjarte-lungeredning i ti minutt utan problem. Det er den tida det i gjennomsnitt tar før ambulansen kjem fram.

– De fleste hjartestansar skjer i heimen, og dei aller fleste som får hjartestans utanfor sjukehus er 50 år eller eldre. Difor er det viktig at dei eldre veit kva dei skal gjere, seier Kramer-Johansen.

Deltakarane i studien var mellom 50 og 76 år. Alle gjennomførte kurs i hjarte-lungeredning, og eit halvt år etter vart dei same personane testa. Alle deltakarane klarte då å gje gode nok hjartekompresjonar i ti minutt.

– Eldre menneske går sjeldan på slike kurs, og det har blitt prioritert for lite, seier Kramer Johansen.

Forskargruppa skal med kampanjen finne ut om dei kan få fleire eldre til å gjennomføre slike kurs.

Video nsps_upload_2010_1_27_19_16_13_597.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Innslag på NRK Dagsrevyen 28. januar 2010.