Hopp til innhold

Måløy-verksemda satsar no i resten av verda

Med eit produkt som ikkje vert hindra av geografi, ser Måløy- verksemda Videonor AS no mot det store utland.

Øyvind Reed og Videonor

I VEKST: Dagleg leiar Øyvind Reed i Videonor fortel at verksemda no satsar mot utlandet.

Foto: Thomas Bickhardt

– Dette viser at ein treng ikkje å sitje i Oslo for å få det til. Vi sit i Måløy og byggjer stein for stein og veks derifrå, seier dagleg leiar Øyvind Reed.

Ei teneste i vekst

Videonor AS tilbyr verksemder eit abonnement på videokonferansar. Reed samanliknar deira produkt med eit simkort i ein telefon. Det simkortet gjer for telefonen, gjer Videonor for eit videosystem, forklarar han.

Nett.no skriv i dag at verksemda no satsar fleire stader i verda.

Produktet er ikkje nytt, men Reed seier selskapet har innovert måten å levere det på.

– Vi har bygd opp selskapet over litt tid no og ser at det er ein marknad for denne typen teneste, og det er spådd at det kjem til å vekse, seier Reed til nrk.no.

Mot utlandet

Videonor har allereie etablert seg i Sverige. Dei har hatt ein veldig god vekst i Norge, og no er altså nabolandet nestemann. Her er dei allereie oppe og går med eitt selskap. I tillegg har dei folk i Brussel, og no ser dei vidare over dammen mot USA.

– No kjem vi til å bruke nokre månader og kartlegge marknaden I USA grundig og sjå kva slags type samarbeidspartnarar vi må ha der borte for å få produktet ut i marknaden, seier Reed.

Dei er avhengige av eit forhandlarledd sidan alt dei sel går via forhandlarar.

1200 kundar

Ein typisk kunde hjå Videonor er heilt vanlege selskap som har behov for videokonferanse i sitt daglege virke.

Sparebanken Sogn og Fjordane er til dømes ein av dei største kundane til Videonor. I tillegg er offentlege etatar ein del av kundelista.

– Vi har ei kundeliste på over 1200 kundar i dag, og det er veldig bra, seier Reed.

Går godt

I fjor auka dei driftsinntektene med heile 50 prosent med 13 millionar kroner og hadde eit driftsoverskot på rundt 2,5 millionar.

– Vi driftar godt, og det er viktig for oss. Det vi har lyst til no er å bruke dei pengane vi genererer på å halde fram med å vekse. For marknaden er såpass stor, og vi har ein såpass god posisjon at vi må absolutt jobbe for vekse, seier han.

Dei har absolutt fått konkurranse dei siste åra. For Videonor handlar det om å levere eit betre produkt enn konkurrentane med meir oppfølging og meir service.

– Det er jo ein av utfordringane når ein skal vekse vidare, det å klare å ta vare på alle kundane våre samtidig som vi veks, seier han.

Trufaste i Måløy

Videonor har i dag åtte tilsette. Reed meiner det viser litt av stabiliteten i teknologien, når dei er så få som klarar å betene så mange kundar.

– Måten vi byggjer det opp på er at vi i utgangspunktet ønskjer å ha seljarar i utemarknaden, så det er stort sett sal som er på utekontora, men så ønskjer vi å byggje opp administrasjonen i Måløy.

Den daglege leiaren meiner det er heilt opplagt at hovudkontoret ligg akkurat i Måløy. For så lenge dei har med seg investorane er det ikkje aktuelt verken for tilsette eller investorane å flytte på seg.

– Vi meiner det viser kor ypparleg bra videokonferanse kan vere. Når eg kan sitje å ha forhandlarar i alle verdsdelane og kommunisere med dei frå kontorstolen gjennom video, så viser det kor bra videokonferanse kan vere framfor å måtte reise, seier Reed, som seier dei sjølve er Videonor sine største kundar.

Mykje jobb og god støtte

Reed seier det har vore veldig spennande heilt frå dei starten i 2010 og fram til i dag.

– Det er jo mykje jobbing, det er det ingen tvil om, men når ein vert lønna med veldig positive og fornøgde kundar og veksten heile tida er positiv, så er det veldig motiverande å arbeide på denne måten, fortel Reed.

Han legg ikkje skjul på at dei har hatt investorar som har vore heilt avgjerande for at vi skal kunne vekse slik dei har gjort.

– Utan dei, hadde vi aldri vore der vi er i dag. Det trur eg eigentleg alle gründerar vil skrive under på at skal ein vekse noko i dag, så er ein heilt avhengige av å ha investorar som ser visjonen og som støttar og stiller seg bak den.

I tillegg har hjelpa frå Innovasjon Norge fått dei fram. Reed meiner den hjelpa små gründerselskap kan få frå Innovasjon Norge er heilt uvurderleg om det blir gjort på rett måte.

Tenkjer enda større

Grunnen til at Videonor har lykkast trur Reed er ein kombinasjon av fleire ting.

– For det første var vil veldig tidleg ute med denne måten å gjere det på. Vi har teke ein posisjon i Norge som er vanskeleg å kopiere. Det er kanskje det aller viktigaste. I tillegg har vi tilsette som går den ekstra mila for at kundane våre skal bli fornøgde. Vi gir oss aldri før kunden har fått 100 prosent utbytte av det systemet som han har gått til innkjøp av, seier Reed som trur det er noko av grunnen til at dei skil seg ut på marknaden.

Reed sin ambisjon og draum er å byggje opp eit stort og godt selskap som har ein trygg og god økonomi som gjer at ein kan vekse vidare.

– Det er jo ingen grunn til at ein ikkje skal tenke Austen til dømes, dersom det viser seg at USA vert ein suksess for oss, avsluttar han.