Hopp til innhold

Prisløna gründerar flyttar frå fylket

Det prisløna grûnderekteparet bak Måløyverksemdene Videonor og Seevia flyttar frå fylket.

Heidi Kopperud og Jørn Mikalsen tok imot gründerprisen for ungdom.

PRISLØNA: Her tek Heidi Kopperud og Jørn Mikalsen imot gründerprisen for ungdom frå fylkeskommunen.

Foto: Henning Rivedal/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ekteparet Jørn Mikalsen og Heidi Kopperud satsa alt og har skapt nye jobbar i kystbyen, men å kombinere jobb og familieliv i distriktsnorge blir for krevjande.

Avgjerda kjem berre to år etter at Liv Signe Navarsete opna den nye verksemda. Ekteparet har vunne både NHO sin nyskapingspris for Sogn og Fjordane, og fylkeskommunen sin gründerpris for ungdom.

Krevjande å bu langt vekke

Då dei kom til fylket for to år sidan hadde gründerekteparet Heidi Kopperud og Jørn Mikalsen visjon om 40 nye jobbar i distriktet. Så langt er det berre seks av femten jobbar i selskapa deira videokonferanseselskapet Videonor og videokatalogen Seevia som er lokalisert i Måløy.

No flyttar ekteparet tilbake til Oslo. Etter å ha fått to små born blir det for krevjande å bu langt vekke frå resten av familien, samstundes som dei skal få bedriftene opp å gå.

– Så vi måtte ta ein liten status, og då er det lettare for meg å pendle tilbake til hovudkontoret i Måløy, og så har eg kona og ungane i nærleiken for å få hjelp, seier Jørn Mikalsen.

Ny bedrift i Måløy

FLYTTAR: Gründerekteparet Heide Kopperud og Jørn Mikalsen flyttar frå Måløy og reiser tilbake til Oslo. Her er dei saman med styreleiar i Videonor, Egil Skipenes.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Hovudkontora blir i Måløy

Ein annan årsak er at det er lettare å drive salsarbeid frå byane enn frå Måløy.

– Den andre grunnen er jo av respekt for det vi har skapt. Vi ser at for å byggje opp salskontor i Oslo, Bergen og Stavanger og etter kvart også i utlandet så må vi vere ein del på farten, seier Mikalsen.

Samstundes er han klar på at hovudkontora til dei to verksemdene framleis skal vere i Måløy.

– Det er der vi ønskjer å ha verket vårt. Det er rett og slett berre mi rolle som administerande og pendlar dette handlar om, seier gründeren.

Held døra open for retur

Både fylkeskommunen og NHO har rosa dei to verksemdene opp i skyene, det profilerte gründerparet har blitt løfta fram som døme på nyskaping og tilflytting til fylket. Regiondirektør i NHO, Jan Atle Stang, tykkjer det er synd at dei flyttar.

– Det er trist at sånne gründerar flyttar. Vi kan jo ikkje forhindre at gründarar og bedrifter flyttar ut av fylket. Det vi kan påverke er at vi får fleire tilbake. Det er jo noko vi må leve med, seier Stang.

Ny dagleg leiar for Videonor har alt vore på plass ei stund i Måløy, sjølv vil han vere reisande administrerande direktør for videokatalogselskapet Seevia, Mikalsen held døra på gløtt for at dei kanskje ein dag flyttar tilbake til Nordfjord.

– Samstundes ser vi jo at nettverket innanfor IT - og der vi er etablert no på IT-Fornebu, kor viktig det er å ha den aksen mellom det som skjer her og i Måløy. Vi må vere med på moglegheitene som ligg der, seier Mikalsen.