Hopp til innhold

Har gått frå ingenting til 35 tilsette på fem år

Då LocalHost etablerte seg i tome lokale for fem år sidan, hadde IT-gründerane ingen aning om kvar vegen bar. I dag er der selskap med totalt 35 tilsette, og LocalHost Holding gjekk i fjor med åtte millionar i overskot.

Sindre Kvalheim

NØGD: Dagleg leiar Sindre Kvalheim konstaterer at Localhost har vore igjennom ei rivande utvikling sidan dei starta opp i 2007.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Dagleg leiar Sindre Kvalheim har grunn til å gle seg over utviklinga i selskapet sitt. LocalHost Holding går med store overskot og får den lokale storeksportøren av laks, Coast Seafood, med seg på laget.

Kvalheim trur på vidare vekst.

– Vi skal vakse sunt framover, men skal satse mykje på innovasjon og nye arbeidsplassar, seier Kvalheim.

Rask vekst

LocalHost Holding er morselskapet til LocalHost, som driv med datasentertenester frå Måløy. Verksemda eig også store delar av Lefdal Gruve A/S som har planar om det største datasenteret i verda.

Selskapet eig også delar av videkonferanseselskapa Videonor og Seevia, og mindre dataselskap som Netpartner og Vest Data.

På fem år har miljøet vakse frå ingenting til totalt 35 tilsette. 15 jobbar i Localhost, 5 i Netpartner, 2 i Lefdal Gruve og totalt 13 i Videonor og Seevia

– Vi bygde eit møterom der vi sa det var galskap; «Vi treng aldri eit så stort rom». No har vi måtte kaste ut alle leigetakarar, for vi treng alt areal sjølve. Men målet vårt er ikkje å bli størst mogleg, men å ha ein arbeidsplass der vi held på dei tilsette og kundane våre, seier Kvalheim.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Datalagring i Nordfjord

TV-SAK: Datalagring i Nordfjord

Har aldri mista ein kunde

Hovudårsaka til årsresultatet på åtte millionar kroner, er at SFE kjøpte 20 prosent av Lefdal Gruve for 20 millionar kroner hausten 2011. Men også på driftssida går det godt.

Dotterselskapet LocalHost A/S held fram auken i driftsinntektene. Kjerneverksemda er å leige ut datalagringsplass og andre datatenester til verksemder som då slepp å drifte dette sjølv.

– Vi har aldri mista ein kunde, og vi veks med 75 prosent i Local Host. Det betyr at vi har treft marknaden med rett produkt, fortel Kvalheim.

– Vi er litt bortskjemde

Med også den lokale suksessverksemda Coast Seafood i ryggen, har Kvalheim & co kapitalsterke medeigarar i ryggen. Lakseeksportøren, eigd av Sverre Søraa og Marin Øvrebø, kjøper 13 prosent av verksemda.

Etter fleire år med store overskot har Coast Seafood ifølgje Finansavisen 250 millionar kroner på bok. Positivt for ei verksemd som driv med kapitalkrevjande prosjekt.

– Det er klart at Coast Seafood vil tilføre oss mykje. Deira suksesshistorie har veldig mange element vi alle kan lære av. Vi har alltid hatt veldig kapitalsterke folk i ryggen som gladeleg brukar pengane sine. Vi er nok litt bortskjemde med snille onklar bak oss, smiler Kvalheim.

Har med seg IBM

Slik kan datalagringa i Lefdal gruve bli

DATA: Lefdal gruve kan bli verdas største datasenter.

Foto: Pressefoto

For IT-gründeren har store planar for framtida. Den gamle olivingruva i Lefdal i Eid skal nemlig bli verdas største datasenter . Planane har fått omtale over heile verda, investeringane er i milliardklassen og kan gje 100 lokale arbeidsplassar.

Med på laget har dei også datagiganten IBM , men Kvalheim ynskjer også å trekkje til seg andre store internasjonale aktørar.

– Eg har ståltru på dette prosjektet. Det er difor vi puttar alle pengane vi har inn i det, seier Kvalheim.

Vedtek gruveplanar i år

Medan Kvalheim som eigar vil vere varsam med detaljar om utviklinga, kan marknadsdirektør i Lefdal Gruve Mats Andersson seie at alt i år kan dei fatte avgjerda om datasenteret skal byggjast eller ikkje.

Og når vedtaket er gjort, kan det ta 18 månader til dei første dataserverane er i drift. Dei meiner forretningsideen er så god at dei kan starte med eit senter i ein noko mindre skala.

– Då anten å bygge med ein kunde, eventuelt at vi startar utan kunde og får kunde under sjølve byggjeperioden, seier Andersson.

Har fått status

No har også verksemda fått høgvekststatus hjå Innovasjon Norge.

Av verksemdene i Sogn og Fjordane er det berre til no Moods of Norway i Stryn som har ein slik status.

– Den er eigentleg for verksemder som driv mykje med innovasjon og har eit ekstremvekstpotensiale. Det betyr at vi kan bruke Innovasjon Norge sine ressursar i utlandet og gjer at vi lettare kan kome oss ut i verda, seier Kvalheim.