Hopp til innhold

Vil skape 40 nye arbeidsplassar

Grundermiljøet i Måløy fekk fredag si førebels siste tilvekst. Den nye verksemda har som mål å skape fleire titals arbeidsplassar innan videokonferanse.

Ny bedrift i Måløy

NYE GRÜNDERAR: Heidi Kopperud og Jørn Mikalsen har lagt Oslo bak seg og satsar i Nordfjord. Her med styreleiar og investor Egil skipenes.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– 40 tilsette er målet, seier styreleiar Egil Skipenes i det nystarta selskapet VideoNor.

Og sjølvsagt måtte opninga føregå via videooverføring på storskjerm. Med eit smil tok kommunalminister Liv Signe Navarsete tak i ei statleg reiserekning og reiv ho i to. Handlinga symboliserte at VideoNor offisielt er opna i Måløy.

Startar med fem tilsette

Sålangt er det fem arbeidsplassar, gründerane bak er to innflyttarar som har blitt lokka til Måløy av næringslivet i kommunen. No håpar dei å tene pengar på at arbeidsgjevarar vil kvitte seg med dyre og tidkrevjande flyreiser.

– Det at forholda ligg til rette her er mykje betre enn om det hadde vore i Oslo. Eg ser at initiativet er lettare å setje igang frå eit distriktperspektiv enn i Oslo. Samstundes har Måløy ein kultur for å satse på gründerskap, seier Jørn Mikalsen.

Vart lokka til Nordfjord

Saman med Heidi Kopperud har Mikalsen flytta frå Oslo til Måløy for å starte eiga bedrift. Dei to har mange års erfaring frå teknologiselskapet Tandberg.

Bakgrunnen for flyttesjauen til Nordfjord er at grunderane er blitt lokka til fylket av studiekompis Sindre Kvalheim. Kvalheim er igjen mannen bak Localhost som vil bygge datalagringsenter til 600 millionar kroner i Lefdalgruva i Eid. Og slik held eitt av dei mest spesielle grundermiljøa på heile Vestlandet fram.

Fekk pengar og ros

– Det er berre imponerande. Det skjer veldig mykje spennande ting og nyskaping her i Måløy som eg nesten ikkje har sett liknande til dei 20 åra eg har jobba med næringsutvikling i fylket, seier direktør Halvor Flatland i Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane.

Flatland er ein av dei som reiser mykje i jobbsamanheng. Direktøren i Innovasjon Norge håpar slik teknologi skal føre til mindre reisetid for folk i distrikta. Han hadde med seg tildelingsbrev på 2 millionar kroner i etableringsstønad til verksemda og er over seg av begeistring.

Lokale investorar

Begeistra var også gründer og lokal storinvestor Gunnar Carlson.

– Ja, så står vi her igjen og opnar eit nytt firma. Det er nesten så ein kjem ut av tellinga, humra mannen som saman med Egil Skipenes har gitt fødselshjelp til ei rekkje verksemder i Vågsøy dei siste åra. Dei nye verksemdene driv med alt frå vindmølleleidarar til hydrodynamiske testankar.

I nystarta VideoNor har Skipenes teke på seg vervet som styreleiar.

– Viss dette lykkast og viss ein får til visjonen om video til folket så ser eg ikkje bort frå at dette kan vekse til ein arbeidsplass for 30-40 tilsette, trur han.

Lovar billige løysingar

Konkret skal selskapet selje videkonferanseløysingar som er langt billegare og enklare enn det dyre utstyret som mange kjøper i dag. Videokonferansar vert stadig meir vanleg og mange testa det ut då flytrafikken stogga opp etter vulkanutbrotet på Island.

Mikalsen og Kopperud har alt fått på plass dei første avtalane med elektronikkjeder.