NRK Meny
Normal

Vidar Vie trekkjer seg frå Helse Førde-leiinga

Det har den siste tida storma rundt nestsjef i Helse Førde, Vidar Vie. I dag kom meldinga om at Vie trekkjer seg frå leiinga med umiddelbar verknad.

Vidar Vie

GÅR AV: Vidar Vie har vore i hardt vêr den siste tida og har bestemt seg for å gå av som viseadministrerande direktør i Helse Førde.

Foto: NRK

– Det har vore spennande, utfordrande og gjevande, men også svært arbeidskrevjande. Dei siste par åra har difor tanken på å tre tilbake, og gå over til andre oppgåver, komme stadig oftare, seier Vie i ei pressemelding.

Forstår avgjerda

Agnes Landstad styremøte Helse Førde

FORSTÅR: Styreleiar Agnes Landstad har forståing for at Vidar Vie har vald å gå ut frå direktørstillinga og inn i ei rådgjevarstilling i administrasjonen.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Vie har blitt utsett for massivt press frå tillitsvalde og andre tilsette i Helse Førde den siste tida, både knytt til leiarstilen og til den omfattande omorganiseringa av helseføretaket. Vie har vore del av føretaksleiinga i tolv år.

Styreleiar Agnes Landstad seier ho har full forståing for Vie si avgjerd.

– Vie har vore i ei krevjande leiarstilling lenge, og det har vore særskilt krevjande i det siste med varslingssaka. Tida har vore krevjande for Helse Førde, og særskilt for han, seier ho.

– Kunne halde fram om hadde hatt lyst til å stå i det?

– Faktagjennomgangen og konklusjonane tilseier at han kunne ha halde fram.

Krevjande månader

Vie legg ikkje skjul på at varslarsaka og uroa som har vore i organisasjonen siste halvåret, også er medverkande til at han no går over til ei anna stilling i føretaket.

Børge Tvedt

TEK OVER: Børge Tvedt er inntil vidare konstituert som viseadministrerande direktør i Helse Førde.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Dei siste månadene har vore krevjande. Eg ønskte å stå i jobben til rapporten om varslarsaka og omorganiseringa blei fullført. No tenkjer eg det er rett tid for å gå til nye oppgåver, og eg ser fram til det, seier han i meldinga.

Vie ønskjer ikkje å kommentere avgangen utover det som står i pressemeldinga som blei sendt ut frå Helse Førde klokka 12.30 fredag.

I meldinga kjem det fram at Vidar Vie kjem til å halde fram i Helse Førde i ei stilling som spesialrådgjevar, og vil rapportere til administrerande direktør.

Tvedt overtek som nestsjef

– Vidar har over ei årrekkje gjort ein formidabel jobb i Helse Førde. Han har ein imponerande arbeidskapasitet, og sit på mykje kunnskap om organisasjonen som føretaket også vil ha nytte av i framtida. Det vil vere rikeleg med arbeidsoppgåver for han å ta fatt på, seier administrerande direktør Jon Bolstad i pressemeldinga.

Børge Tvedt blir inntil vidare konstituert som viseadministrerande direktør, og Anne Kristin Kleiven som direktør for stab og støtte. Tvedt er i dag direktør for psykisk helsevern i Helse Førde, Kleiven er utviklingsdirektør. Begge held fram i desse stillingane.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.