Hopp til innhold

Vi vart meir lovlydige gjennom fjoråret

FLORØ (NRK.no): Politimeister Ronny Iden meiner Sogn og Fjordane har lagt bak seg eit godt år, der folk flest har blitt meir lovlydige. Onsdag la han fram årsstatistikken for 2014.

Bjørn Larsen og Ronny Iden

POSITIV UTVIKLING: Det store biletet er positivt for politidistriktet, meiner politimeister Ronny Iden. I bakgrunnen politiinspektør Bjørn Larsen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi har jamt over gode resultat for 2014, sjølv om vi har hatt mange store utfordringar, seier politimeister Ronny Iden.

Hovudbodskapen er at det er trygt å vere i Sogn og Fjordane. Men store saker som trippeldrapssaka i Årdal har oppteke politiet i fylket i store delar av det første halvåret av 2014.

Brannen i Lærdal, den nasjonale terrortrusselen og storflaumen i Sogn har også vore via stor merksemd, i tillegg til Veronica-saka i Sogn og sakna-saka i Gloppen.

– Folk i fylket blir meir lovlydige

Politimeisteren sine tal syner at det har vore ein ubetydeleg nedgang i brotsverk frå 2013 til 2014. Men samanlikna med 2005 er nedgangen i tal brotsverk på 20 prosent.

Innanfor vinningsbrotsverk er nedgangen frå 2005 på meir enn 42 prosent. Det er også nedgang innanfor dei fleste typar valdsbrotsverk.

– Folk i Sogn og Fjordane blir meir lovlydige, og det er ingen som set meir pris på det enn politiet, seier Iden.

– Det mest oppsiktsvekkande er at talet vinningslovbrot har gått så mykje ned. Den viktigaste forklaringa er nok at det norske folk har så god økonomi, meiner han.

... men fleire vart tekne med promille

Det er ei svak auke når det gjeld økonomiske brotsverk. Det same er tilfelle med sjåførar som køyrer i rusa tilstand.

– Fleire blir tekne for promillekøyring. Det er færre personskadeulykker. To vart drepne i trafikken, seier Iden.

Politidistriktet har svært høg oppklaringsprosent, men politimeisteren meiner politidistriktet har for lang saksbehandlingstid.

– Vi ligg samanlikna med andre distrikt godt innanfor det som er krava, men vi ligg bak dei krava vi har sett til oss sjølve, forklarer politiinspektør Bjørn Larsen.

Bjørn Larsen (t.v.) og Ronny Iden
Foto: Oddleif Løset / NRK

Er gode på oppklaring av saker

Sogn og Fjordane politidistrikt hadde 55 prosent oppklarte saker i 2014. Det er ein andreplass på oversikta over politidistrikta i Norge.

Når det gjeld narkotika, sit politiet også med nokså stabile tal for dei siste åra.

– Vi har hovudfokus på dei som syter for at narkotikaen finn vegen til Sogn og Fjordane, seier Iden.

Politiet har trekt tilbake våpenløyve frå ulike personar i 75 tilfelle i 2014. Det er ei auke frå 32 tilfelle i 2013.

– Om vi vurderer at ustabile personar har våpen, er det noko vi må gjere noko med. Det er opplysningar vi får i samband med anna politiverksemd, seier Iden.

Mange er nøgde med politiet

200 personar i Sogn og Fjordane har svart på ei undersøking, der målet er å kartleggje i kva grad innbyggjarane har tillit til politiet. Her har 93 prosent sagt at dei har svært stor tillit eller stor tillit til politiet i fylket. Det er ein oppgang på 82 prosent frå 2012.

– Det er vi nøgde med. Men eg skal ikkje spekulere i desse tala. Eg konstaterer at det er ganske stor tillit til oss, seier politimeister Iden.

Tal frå den same undersøkinga syner at folk flest har eit godt inntrykk av politiet.

Politiet i Sogn og Fjordane scorar dårlegast på synlegheit. Iden meiner dette kan ha samanheng med at ein opererer i eit grisgrendt distrikt, og at politidistrikt som Oslo og Asker og Bærum scorar høgt på dette.