Hopp til innhold

– Vi flyttar studio til Eid!

NRK Sogn og Fjordane flyttar heile morgonsendinga til Eid fredag morgon. På ettermiddagen sender vi NRK SommarLutt frå gatefesten under Malakoff, seier dei to programleiarane.

Tone Lin og Stian

RADIOPAR: Programleiarane Stian Sjursen Takle og Tone Lin Støfring Skovro pakkar snippeska og har heile morgonsendinga frå Eid fredag morgon.

Foto: Øystein Torheim

– Det er kjempekjekt å sende direkte frå plassar med god stemning og der det skjer mykje, seier Stian Sjursen Takle og Tone Lin Støfring Skovro som er programleiarar for sendingane frå Eid.

Det er heile morgonsendinga frå 06.03-09 som blir sendt frå Nordfjordeid fredag morgon.

Fredagspanelet flyttar med

– Fredagspanelet sviktar ikkje. Vi har med vår faste paneldeltakar Anne Cecilie Kapstad som stiller doggfrisk rett frå telt-overnatting frå festivalkampen, medan gjestepanel-debattant Ståle Sandal sikkert har sove betre heime i senga - sjølv om han er småbarnsfar, humrar Tone Lin Støfring Skovro.

Det blir også andre gjester på plass i sendinga, og programleiarane håpar mange vil ta turen innom det mobile studioet.

Tone Lin Støfring Skovro og Stian Sjursen Takle

LOVAR MORO: Programleiarane Tone Lin Støfring Skovro og Stian Sjursen Takle tek med seg det tradisjonelle fredagspanelet til festivalsendinga frå Nordfjordeid. Høyr direkte frå 14:03

– Dei som har høve kan svinge innom studioet vårt i gågata, tilfeldigvis veldig nær Minibakeriet som serverer kaffi og har god frukost, seier Stian Sjursen Takle.

NRK SommarLutt frå gatefesten

NRK Sogn og Fjordane sender direkte på radio fredag 19. juli klokka 1403–1500. Konserten er ein del av Malakoff sin nye gatefest som blir arrangert på fleire scener i Nordfjordeid sentrum.

På scena står blant andre Vilnes, Svelekameratane, Vilde og Anna, Silo, Maren og Klenkarberget sitt kor.

Dette er ein gratis konsert som alle kan få med seg under Malakoff Gatefest.

Festivalsending laurdag

Også laurdagen blir det radiosending frå klokka 1403-16.00 frå Malakoff sitt område.

– Då sender vi deler av verdas største basar på direkten. Det er Finn-Erix som står for det musikalske der, og det blir åresal med flotte premiar, seier Stian Sjursen Takle.

Frå alle sendingane skal vi formidle stemninga frå festivalområdet, backstage og ikkje minst frå campen.