NRK Meny
Normal

Vi sender direkte når FM-nettet blir sløkt

Frå onsdag kl. 11:11 kan du ikkje lenger høyre radiokanalane til NRK på FM-nettet i Sogn og Fjordane.

Onsdag kl 11:11 sluttar NRK å sende på FM-nettet i Sogn og Fjordane.

DIREKTE: Vi sender direkte kl. 10:30-12:00 onsdag. Sjølve sløkkinga skjedde klokka 11:11. Vi hadde besøk av P3Morgon-gjengen og radiolyttar Monica Sunde Tjønnås.

Vi sender direkte på NRK P1 Sogn og Fjordane mellom kl. 10:30 og 12:00.

Vi får besøk mellom anna besøk av radiosjef Jon Branæs og marknadssjef i Digitalradio Norge, Jarle Ruud.

Vi skal også ein tur innom Høyanger der vi skal møte ein mann som er ekspert på DAB og som har jobba med FM-nettet sidan 1982. I tillegg får vi besøk av ein sprudlande og morgonfrisk gjeng i studio - nemleg Ronny, Silje og Markus frå P3-morgen

Sjølve sløkkinga var det radiolyttar Monica Sunde Tjønnås som stod for.

Onsdag forsvinn NRK-kanalane på FM også i fire andre fylke, nemleg Hordaland, Rogaland og Agder-fylka. Etter dette kan du høyre oss på DAB+, nett/mobil og via TV-en.

– Ei ny framtid

Distriktsredaktør Terje Gilleshammer meiner dagen er ein merkedag for NRK Sogn og Fjordane sine lyttarar på Vestlandet.

Terje Gilleshammer

NY TID: Distriktsredaktør Terje Gilleshammer i NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– FM-nettet var ein revolusjon då det kom og har vore viktig for radioen i Sogn og Fjordane. No tek vi eit steg inn i ei ny framtid som gjev oss eit endå større tilbod av kanalar.

– Vi ser at det vekker sterke kjensler. Det forstår vi. Samstundes håpar vi at folk vil sjå at DAB blir ei god løysing i lang tid framover, seier Gilleshammer.

Har du spørsmål?

Mellom klokka 13 og 14 kan du spørje om det du lurer på om DAB på Facebooksida til NRK Sogn og Fjordane. Marknadssjef Jarle Ruud i Digitalradio Norge sit klar til å svare på det du lurer på.

Av/på-kanpp

SYMBOLSK AV-KNAPP: Denne gamle av/på-knappen symboliserer sløkkinga av NRK-kanalane på FM i Sogn og Fjordane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.