Det kjem fram i ei pressemeldinga frå Høgre og Framstegspartiet.
I Sogn og Fjordane går ni millionar til å reparere brufundament i Lærdal, Langhuso og Gudvangen på E16 og reparasjon av stikkrenner og rasvoll i Våtedalen og Kjøsnesfjorden på E39 og riksveg 5. I tillegg er det ein del mindre skadar på riksvegnettet elles.
- Les også:
Gruppeleiar for Høgre i Fylkestinget, Noralv Distad, seier at pengane kjem som ei tilleggsløyving på vedlikehaldsbudsjettet til Statens vegvesen region Vest.
– Det meste av desse kostnadane er allereie påløpt i samband med oppryddinga i fjor haust, men det er viktig at desse pengane kjem slik at desse kostnadene ikkje går utover anna viktig vedlikehaldsarbeid, seier han i pressemeldinga.
Fylkestingsrepresentant for Frp, Rita Navarsete, er godt nøgd med løyvinga som medfører at dei ekstraordinære kostnadane i samband med flaumen ikkje får konsekvensar for anna viktig vedlikehaldsarbeid på vegane.
– Til trass for at regjeringa tidlegare har løyvd rekordmykje for å stogge forfallet på riksvegane, så har vi framleis mykje dårlege vegar i fylket. Då er det viktig at ikkje ekstrakostnader i samband med storm eller flaum går utover anna viktig arbeid, seier Navarsete.
- Les også: