Hopp til innhold

Spår katastrofe utan betre flaumsikring

– Skadane i åra som kjem vil bli katastrofale dersom det ikkje blir sett inn langt meir omfattande tiltak mot farleg flaum, seier Rune Nydal som er leiar i Småkraftforeininga i Sunnfjord.

Flaum - Lærdal

KATASTROFE: Rune Nydal i Småkraftforeininga i Sunnfjord trur skadane, som her frå Lærdal etter flaumen for to veker sidan, vil bli endå større om ikkje sikringstiltaka vert betra.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Regnet pøsa ned i dagevis, elvane gjekk langt over sine breidder og bustadhus og bygningar forsvann i vassmassane. Slik var situasjonen på Vestlandet for nokre veker sidan. Flåm, Lærdal, Voss og Odda vart hardast råka.

Det må setjast inn langt større ressursar i flaumsikringsarbeidet.

Rune Nydal

Djupare og breiare elvar

Det heile vart karakterisert som ein 200-års flaum, og ifølgje Nydal vil det bli mange slike og endå verre flaumar i åra som kjem. Noko må gjerast, meiner Nydal..

– Den eine måten å førebyggje flaum er å gjere elvane djupare og breiare. Den andre er å regulere noko av vatnet i elvane til andre vassdrag eller sjøen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rune Nydal

UROA: NVE må ved hjelp av flaumsonekart og på andre måtar setje alt inn på betre flaumsikring, seier Rune Nydal.

Foto: Erlend Blålid Oldeide / NRK

Ber om 211 millionar ekstra

Noregs Vassdrags -og energidirektorat (NVE) har rekna ut at dei må få tilført 211 millionar kroner ekstra til flaumsikring på Vestlandet.

NVE må i åra som kjem meir på banen for betre å kunne førebyggje store og farlege flaumar, meiner Nydal.

– Ut frå den informasjonen NVE sit på, vil dei kunne rekne ut kva konsekvensar auka vassmengder i elvane vil få. Det må setjast inn langt større ressursar i dette arbeidet, seier Nydal.

Fysiske sikringstiltak

Hallvard Berg, seniorrådgjevar i NVE, forstår Nydal si uro. Samstundes presiserer han at NVE jobbar kontinuerleg med å kartleggje og førebyggje potensielt farlege flaumar.

– I samband med arealplanlegging kjem vi med innspel overfor kommunane.Vi jobbar også med fysiske sikringstiltak for å unngå flaumskadar, seier han.

Men tyder det ikkje på at NVE var litt seint ute med flaumsikringa når ein ser på dei omfattande skadane etter storflaumen på Vestlandet nyleg?

– Dette blir eit spørsmål om prioritering i høve ressursane vi har til rådvelde, seier Berg.

Han vil ikkje svare på om han er fornøgd med dei ressursane NVE blir tilført til flaumsikring.