Hopp til innhold

Følg UKM-festivalen direkte her

HØYANGER (NRK): Denne helga gir NRK Sogn og Fjordane deg ei fullspekka talenthelg på nettsidene.

A thousand pandas
Foto: Sara Lysgård, UKM Media, Sogn og Fjordane fylkeskommune

UKM Sogn og Fjordane 2017

KONSERT 1: Sjå heile den første konserten frå UKM i Høyanger.

UKM Sogn og Fjordane 2017

KONSERT 2: Sjå heile den andre konserten frå UKM i Høyanger.

UKM Sogn og Fjordane 2017
Lothe - av Marlin Hellebust, Fjaler
Foto: Arve Ullebø

Vi skal sende nesten 10 timar med konsertar med nokre av våre beste, unge talent.

Fredag kveld var det KulturskuleLutt direkte frå Sandane med «Dei nominerte er ...» - konsert og utstilling med unge talent frå Sogn og Fjordane. Alle er nominerte til Drømmestipendet, der 100 ungdommar i Norge vil få stipend på 10.000 kvar.

Laurdag og søndag sender vi til saman fire UKM-konsertar frå Høyanger, der fleire hundre ungdommar møtast for å syngje, spele, vise fram kunst og film.

Sigrid Sørumgård Botheim og Wibeke Bruland

DEKKJER UKM: Sigrid Sørumgård Botheim og Wibeke Bruland er i Høyanger heile helga for å følgje UKM – på nett og sosiale medium.

Foto: NRK

Følg oss på nett og sosiale medium!

Nynorsk­praktikantane Wibeke Bruland og Sigrid Sørumgård Botheim er i Høyanger for å formidle stemninga.

Vi legg fortløpande ut nettsaker, biletgalleri og videoar på nettsida vår. Du får mange gode historier med unge talent denne helga.

Vi sender alle konsertane direkte og legg ut opptaket etterpå. Vi klippar også ut kvart enkelt sceneinnslag slik at du kan dele det med venner og kjende.

Du kan også følgje oss på Facebook, Instagram og Snapchat – nrksf.

Dette dekkjer vi i helga:

Fredag 31. mars på Sandane:

19:30 KulturskuleLutt

Laurdag 1. april i Høyanger

14:00 Kunstutstillinga opnar

15:00 UKM-konsert 1

18:00 UKM-konsert 2

Søndag 2. april i Høyanger

13:00 UKM-konsert 3

16:00 UKM-konsert 4

Dei som går vidare

Måndag morgon får du vite kven som går vidare til landsmønstringa. Høyr på radiosendinga vår eller følg med på nettsida vår – nrk.no/sf.