Hopp til innhold

Vernar teater og opera mot kutt

Teater og opera skal vernast, bibliotek og museum får kutt. Det er konklusjonen til kulturpolitikarane i fylket.

Opera Nordfjord har premiere på "Søner av sola"

BLIR IKKJE KUTTA: Kulturpolitikarane vil ikkje kutte i løyvingane til Opera Nordfjord.

Foto: Svein Nesbakk

– Eg kjenner jo meg litt audmjuk i den situasjonen fylkeskommunen er i der ein må kutte veldig drastisk på veldig mange område. Dei signala vi no får at teateret kan vere skjerma for neste år og i resten av budsjettperioden er ikkje anna enn gledeleg, seier sjef for Sogn og Fjordane teater, Terje Lyngstad.

Han blei ein av vinnarane i budsjettdebatten i kulturutvalet i fylkeskommunen. Politikarane vil skjerme dei to sentrale institusjonane for scenekunst, teateret i Førde og Opera Nordfjord på Nordfjordeid.

– Det er veldig gledelege nyheiter. Eg blei fantastisk glad, og det er eit fantastisk signal til fylkestinget når dei skal fatte den endelege avgjersla, seier operasjef Kari Pavelich.

Terje Lyngstad

UNNGÅR KUTT: Terje Lyngstad.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Men når opera og teater blir verna for kutt er det andre deler av kulturen som må lide for fylkeskommunen sine naudsynte kutt i perioden frå 2015 til 2019. Dei årlege kutta blir 3,6 millionar i 2015, 5 millionar i 2016 og 8,5 millionar i åra 2017 til 2019.

Det er fylkestinget som til sjuande og sist avgjer korleis kutta i den fylkeskommunale drifta vil skje utover dei næraste åra.