Hopp til innhold

Sliper knivane: I morgon blir dei tvinga til å kutte i budsjettet

Fylkespolitikarane må kutte budsjettet og kutte i tilbod – og gå vekk frå tidlegare lovnadar.

Finansutvalet i Sogn og Fjordane

INGA BØN: Finansutvalet har sjølve fått kniven på strupen, og står føre ei nådelaus nedsabling i budsjetta for å komme i mål med innsparingane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det blir vanskeleg å vege bussruter opp mot ein miljøkoordinator på ein vidaregåande skule eller ein countryfestival. Det blir nesten umogeleg for oss, vedgår leiar i samferdsleutvalet Arnstein Menes.

Må ta konsekvensane av kutta

I morgon startar det umoglege. Administrasjonen har levert frå seg kuttforslag tilsvarande 287 millionar kroner. Omleggingar i inntektssystemet tvingar fram kutt. Samferdslesektoren skal åleine kutte 130 millionar.

– Det som uroar meg er at det får ein del konsekvensar. Vi må gå vekk frå ting vi har lova tidlegare, seier Menes.

Noko av det som blir vurdert å kutte:

  • 2,3 millionar kan sparast om yrkesfag-klassar har gym i lag
  • Nedlegging av Fure ferjekai sparar 2 millionar kroner.
  • Færre undervisningstimar for lærarane kan gje ei innsparing på 12 millionar kroner.
  • Venterom for bussterminalar
  • Sjeldnare bussar
  • Kutte kolonnekøyring mellom Hol og Aurland vil spare 600.000 tusen.
  • Mindre støtte til Opera Nordfjord og Knutepunktfestivalane
  • Heim for ein femtilapp

– Krafttak for å komme i mål

Innanfor kultursektoren får sjølv dei minste kuttforslaga dramatisk verknad.

– Det vil bli ein diskusjon om å fordele problema på mange, seier leiar av kulturutvalet Nils Gjerland.

Kulturbudsjettet skal kuttast 17 millionar. Gjerland føreslår eit krafttak for å komme i mål.

– Vi må gjere litt meir enn strengt tatt nødvendig det første året, så ein skaffar seg ein buffer som ein kan bruke åra seinare. Det kan bli mindre smertefullt, og så slepp ein ei langpining.

– Har du tenkt på ting innan kulturen du kan kutte?

– Nei det er vanskeleg å peike på noko konkret med så store tal vi opererer med. Det er vanskeleg at nokon går heilt klar, seier ein oppgitt Gjerland.

Opplæringssektoren får tøffe tak

Leiar i plan og næringsutvalet, Hilmar Høl frå Ap, er uroa for å gå for langt.

– Det er enkelte ting som skulane lar seg ikkje reversere, gjer ein grep der så er det dramatisk.

Norvall Nøringset, leiar i opplæringsutvalet, går til møtet i finansutvalet for verne om den vidaregåande skulen. Det er føreslått at opplæringssektoren skal kutte 88 millionar kroner.

– Skal ein klare å kutte summane for opplæring, må ein gå på struktur. Dei grepa som ligg inne fører ikkje til så store kutt at det monnar i særleg grad.