Hopp til innhold

Ventar på teknisk rapport frå Kripos

Politiet i Lærdal nærmar seg ei avslutning på etterforskinga etter storbrannen i januar. No ventar dei på ein rapport frå Kripos som kan gje viktige svar.

lærdal

BRANNÅRSAK: Politiet har framleis ikkje fått endeleg klarlagt kva som er brannårsaka.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Tre månader etter storbrannen i Lærdal er politiet i ferd med å avslutte etterforskinga. Etterforskingsleiar Helge Øvstetun seier dei framleis ikkje har fått endeleg klarlagt kva som er brannårsaka.

– Den taktiske etterforskinga er for det meste avslutta, og vi ventar no på ein teknisk rapport frå Kripos som hjelpte oss med dei tekniske undersøkingane, seier Øvstetun til NRK.no.

– Kor sannsynleg er det at svaret på brannårsaka kan ligge i rapporten frå Kripos?

– Det veit vi ingenting om enno. Vi veit ikkje anna enn at dei har teke med seg ein del spor og gjenstandar som det kan vere verdt undersøke vidare. Om dette vil føre til ytterlegare taktisk etterforsking, veit vi ikkje per i dag, men det er lite sannsynleg, seier Øvstetun.

40 bygg gjekk tapt i det som blir rekna som ein av dei mest øydeleggjande brannane i norsk etterkrigstid. 17 av desse var bustadhus. Til alt hell gjekk ingen menneskeliv tapt, men mange måtte til sjukehus med røykskadar.

Øvstetun seier det er venta at dei har rapporten frå Kripos i hende i løpet av kort tid.