Hopp til innhold

Venstre-ordførar: – Regjeringa har ikkje levert

– No må desse fine orda bli til handling. Beskjeden til eiga regjeringa er tydeleg frå Venstre-ordførar Alfred Bjørlo i Eid.

Alfred Bjørlo ved Operahuset i Nordfjord

MISNØGD: Ordførar Alfred Bjørlo (V) vedgår at heller ikkje hans eige parti har klart å stoppe sentraliseringa av arbeidsplassar til dei store byane.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Venstre sin mest populære ordførar, den frittalande Alfred Bjørlo, er igjen på krigsstien overfor innsatsen til regjeringa der hans eige parti er med.

Ferske tal frå SSB syner nemleg at staten sentraliserer stadig meir. På få år har det blitt over 2000 fleire tilsette i staten i Oslo.

– Det skjer ei klar sentralisering av statlege arbeidsplassar, og den sentraliseringa har auka dei siste åra, seier forskar i Telemarksforsking, Knut Vareide.

Bjørlo: – Manglande vilje

Dette har fått Bjørlo til å gå hardt ut, både på Facebook og i intervju med NRK i dag.

– Dette er alvorleg. I Sogn og Fjordane har vi eit næringsliv som går så det susar, men skal dei klare å lokke til seg folk så må det vere komplette bu- og arbeidsmarknader i alle regionane. Då er statlege kunnskapsarbeidsplassar nøkkelen, seier Bjørlo

Men du er jo medlem i eit parti som sit i ei regjeringa som har gjennomført fleire store reformer. Blant desse er nærpolitireforma som førte til at mange arbeidsplassar på politistasjonen i Florø vart flytta til Bergen. Korleis kan du kritisere regjeringa, når partiet ditt er med der?

– Venstre sat ikkje i regjeringa då desse reformene vart gjennomførte. Utfordringane er at desse reformene i seg sjølve er nødvendige og har eit potensial i seg til å gi betre tenester og fleire arbeidsplassar i distrikta. Men det har ikkje vore vilje og evne frå regjeringa og Stortinget til å bruke dei til å sikre og styrke statlege kompetansemiljø i distrikta, seier Bjørlo til NRK.

Krev handling av eiga regjering

Bjørlo vedgår at heller ikkje hans eige parti har gjort jobben og følgt opp den nye regjeringsplattforma.

– No må ord følgjast opp med handling og regjeringa må ta tydeleg styring over reformene, er beskjeden hans til partifellene i Oslo.

Sp: – Vi merkar distriktsopprøret i Venstre

Ikkje uventa får Eid-ordføraren støtte frå partileiar Trygve Slagsvold Vedum i Senterpartiet.

– Det er veldig dramatisk. På kontor etter kontor er svaret frå regjeringa samanslåing for å gjere ting større. Det er alltid dei små stadene som tapar på dette, og så vert arbeidsplassane konsentrerte til Oslo. Retorikken til regjeringa har vore å skrye av at dei har flytta ut mange hundre arbeidsplassar, men i praksis er det snakk om ei kraftig sentralisering, meiner Vedum.

Sjølv påstår han at utspelet frå Bjørlo er eit teikn på eit distriktsopprør i Venstre.

– Vi har fått ganske mange Venstre-folk som har meldt seg inn. Spesielt i Nord-Noreg har mange tillitsvalde i Venstre meldt seg inn i Senterpartiet fordi dei er fortvila. Dei ser konsekvensen av tvangssamanslåing av fylke og det som skjer i forsvaret og politiet.