Ordføraren opplever at staten rømmer byen hans

FLORØ (NRK): Staten pakkar sekken sin og flyttar vekk frå dei minste kommunane. Ferske tal frå SSB syner at staten sentraliserer stadig meir. På få år har det blitt over 2000 fleire tilsette i staten i Oslo. I Florø har dei mista det meste.

Ola Teigen i Florø sentrum

SKUFFA: Ordførar i Flora Ola teigen er skuffa over at staten ikkje satsar meir på kysten av Vestlandet.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Staten kunne vore ein støttespelar for å få til vekst, men vi er blant dei plassane der staten ser ut til å trekkje seg tilbake, seier ordførar i Flora Ola teigen (Ap).

I kystbyen Florø forsvann politiet sin operasjonssentral med 23 stillingar i fjor, og for nokre år sidan flytta skatteetaten sine 14 stillingar vekk frå byen. Det siste året har kommunen slite med folketalsnedgang, og ordføraren er irritert over at staten ikkje kan gjere meir.

– Arbeidsplassane i staten var veldig viktige for oss, fordi det er heilt andre jobbar enn det vi har mykje av i industrien og i fiskeriet. Om folk skal flytte til Florø, så må også ektefellen ha jobb, då er det veldig dumt at vi mister breidda i arbeidsmarknaden vår, seier Teigen.

Ny statistikk frå SSB syner at det ikkje berre er Florø som har mista statlege arbeidsplassar dei siste åra.

– Det skjer ei klar sentralisering av statlege arbeidsplassar, og den sentraliseringa har auka dei siste åra, seier forskar i Telemarksforsking, Knut Vareide.

Sterk vekst i Oslo

I hovudstaden vår Oslo har talet på tilsette i staten auka frå 72 394 i 2014 til 74 532 ved utgangen av 2018. I same periode har det tilsvarande talet i Sogn og Fjordane gått ned frå 5033 til 4846.

Dåverande kommunalminister Jan Tore Sanner (H) flytta i byrjinga av 2017 rundt 630 arbeidsplassar frå Oslo til ulike distriktskommunar rundt om i landet, mellom anna til Førde og Leikanger i Sogn.

Dei nye tala frå SSB syner likevel at utflyttinga ikkje har stogga staten sin fråflytting i distriktsfylket Sogn og Fjordane.

Jan Olav Baarøy er sjef i Norec (tidlegare Fredskorpset) som vart tvangsflytta med rundt 45 stillingar frå Oslo til Førde. Han skjønar ikkje kvifor ikkje fleire statlege verksemder kan liggje andre stader enn i hovudstaden.

– Eg elskar Førde! Den store bekymringa då vi vart flytta hit var at vi ikkje skulle klare å få tak i kvalifiserte folk. Eg vil seie at det har gått mykje betre enn forventa, og at det ikkje er noko særleg vanskelegare å få flinke folk i Førde enn i Oslo, seier Baarøy.

Jan Olav Baarøy i Norec

ELSKAR FØRDE: Jan Olav Baarøy i Norec elskar Førde, og meiner at det har vore positivt å flytte frå Oslo.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Jobba i ei boble i Oslo

Likevel er trenden heilt tydeleg i heile landet. I dei minst sentrale kommunane i Noreg har talet på statleg tilsette gått ned med mange hundre dei siste åra, på same tid som staten har hatt ein sterk vekst i Oslo.

Baarøy i Norec meiner at mange statlege etatar og verksemder kunne hatt godt av å kome seg ut av Oslo.

– Då eg jobba i Fredskorpset i Oslo, så var vi i ei boble i lag med andre bistandsaktørar. Her i Sunnfjord er vi i mykje større grad i kontakt med det lokale næringslivet. Vi får andre impulsar, og kjem i kontakt med andre måtar å tenke på.

Leikanger sett frå Henjum

HAR LUKKAST MED STAT: Leikanger i Sogn er ein kommune med svært mange statleg tilsette.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Statskommunen Leikanger

Ein annan stad der staten har lukkast i distriktet er Leikanger i Sogn. NAV, Statens vegvesen og direktoratet for forvalting og IKT (Difi) bidreg til at staten er hjørnesteinsbedrifta i den vesle kommunen.

Trass i suksesshistoriene vil ikkje regjeringa beklage at talet på statleg tilsette går ned i distrikta.

– Grunnen til at talet på statlege tilsette går ned i nokre kommunar er at vi effektiviserer staten og satsar på digitalisering, seier statssekretær i kommunaldepartementet Anne Karin Olli (H).

Men talet på statleg tilsette går jo opp i Oslo, blir det ikkje satsa på digitalisering der?

– Dei tala må sjåast i samanheng med at det skjer ei auke på ein del område der regjeringa har satsa, mellom anna i politiet, seier Olli.